Hopp til innhold

Sogndal 2 valsa over Jølster

Eit sterkt Sogndal 2-lag vart fleire nummer for store for Jølster.

Espen Olsen i fint driv med ballen.
Foto: Oddleif Løset

I helga rulla måla inn i den 17. serierunda i 3. divisjon . Også den sjette og siste kampen vart ei målrik affære.

- Det vart 0-9, men vi heng ikkje med hovudet av den grunn. Det er klart at det vart tungt, men dei stilte eit veldig sterkt lag, seier Jølster-oppmann Jarl Helle.

Sterkt lag

Heimelaget leia 5-0 ved pause takka vere scoringar av Espen Olsen (3), Mats Solheim og Kenneth Kvalheim. Etter kvilen tok det Olsen berre fire minutt på å gjere sitt fjerde mål for dagen. Lukaz Nadolski, Mats Solheim og Kenneth Nondal sytte for at det enda 9-0 til heimelaget.

- Frå midtbana og framover var det eit 1. divisjonslag vi møtte. Det gjekk langt fortare enn vi er vande med. Dei får trille mykje ball, medan vi ikkje kom oppi dei, seier Helle.

Møter Fjøra heime

Sogndal stilte med eit sterkt lag. Mellom andre var Eivind Daniel Røed, Ørjan Hopen, Tomasz Grabowski, Lukaz Nadolski, Anders Stadheim, Harald Stormoen, Mats Solheim, Espen Olsen og Kenneth Kvalheim.

- Det blir ein heilt annan kamp på fredag. Då møter vi Fjøra på heimebane, avsluttar Helle.

P.S. På seks kampar i den 17. serierunda vart det scora tilsaman 45 mål.