NRK Meny
Normal

Uavgjort i Fredrikstad

Det vart ein målrik kamp mellom Fredrikstad og Sogndal, der unge talent fekk markert seg.

Fornøyde Sogndal-spillere

JUBEL: Sogndal-spelarane var fornøgde med Mats Solheim etter at han sette inn 1 - 0 mot Fredrikstad.

Foto: Olsen, Linn Cathrin / SCANPIX

Det vart ein intens og temmeleg målrik kamp for Sogndal på bortebane mot Fredrikstad.

Sogndal sparka i gong

Allereie etter nokre få minutt i fyrste omgang, byrja det heile. 23 år gamle Mats Solheim skåra etter 17 minutt, på eit hjørnespark frå lagkamerat Tonny Brochmann.

To minuttar seinare får nykomlingen Ruben Holsæter sin gyldne sjanse. Ei dårleg klarering av Fredrikstad-spelar Amin Askar gjer at Holsæter kan sette ballen i eit ope mål.

Dermed leia Sogndal med to mål tidleg i kampen.

Fredrikstad henta seg inn

Fredrikstad henta seg seinare inn att med ei skåring av Khalifa Jabbie frå 30 meters hald i det 30. minuttet.

Til slutt kriga Tarik Elyounoussi inn 2 - 2. Då hadde Fredrikstad berre 10 mann på banen, etter James Keene vart utvist med to gule kort i fyrste omgang.

Ruben Holsæter trudde før kampen, at Sogndal skulle sikre seg poeng mot Fredrikstad, og fekk rett.

– Det blir ein tøff kamp og me må yte vårt beste. Men det er ein moglegheit, det er det i alle kampar, så eg trur me kan få med oss poeng herifrå og. Det trur eg det er store sjansar for, sa Holsæter før kampen.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen