Hopp til innhold

No skal danskane få lese boka hans

Forfattaren Brynjulf Jung Tjønn har hatt ei oppløftande veke. Sist fekk han Brageprisen for ungdomsromanen sin «Så vakker du er». No er boka seld til Danmark.

Brynjulf Jung Tjønn

OPPTUR: Brynjulf Jung Tjønn er blitt Sogn og Fjordane sin nye litterære eksportartikkel. Biletet er frå utdelinga av Brageprisen i førre veke.

Foto: Hilde Bjørnskau/NRK

Tre danske forlag kjempa om å få kjøpe rettane til boka til forfattaren frå Feios i Sogn. Til slutt hamna dei hos anerkjende Høst & Søn.

Brynjulf Jung Tjønn tykkjer det heile er både inspirerande og morosamt.

– Det er klart at det kjennest ut som ei anerkjenning av boka. Det er alltid stort for ein forfattar å få seld bøkene sine til utlandet. Det er eit signal om at andre forleggarar i andre land tykkjer det er av bra kvalitet, seier Sogn og Fjordane sin nye litterære eksportartikkel.

Nøgd redaktør

Hos Høst & Søn er redaktør Anette Øster svært tilfreds over å ha sikra seg rettane til ungdomsroman. Ho skildrar boka som ei intens og veldig rørande bok.

Samstundes er den både trist og livsbekreftande, seier redaktøren.

– Det som er så fint med boka er at den er uordinært skrive, og skriven på eit veldig fint og intenst språk, seier ho.

Gode meldingar

I boka skriv Jung Tjønn om det vanskelegaste ein kan skrive om for ungdom – sjukdom og død. Men «Så vakker du er» handlar også om forelsking og gryande kjærleik.

Og nettopp måten forfattaren set det vonde opp mot det vakre, blir trekt fram som ein kvalitet ved ungdomsromanen.

– Vekslingane mellom sorg og gleda, det stygge og det vakre gjer teksten verkeleg. Kvardagen består jo av desse vekslingane og vi skal leve midt i dei og turnere dei. Anten vi er 16 eller 66, skriv Anne Christine Straume, bokmeldar i NRK.

Trur på fleire land

Gerd Moss har ansvar for å selja Cappelen Damm sine bøker til utlandet. Moss trur ungdomsromanen til Jung Tjønn også kan bli kjøpt i andre land enn i Danmark.

– Eg har tru på Sverige, der eg var sist veke og møtte svenske forlag. Alle vil sjå den. Så har eg tru på Færøyane, fordi dei kjøpte den første ungdomsboka hans. Så er det mange tyske forlag som les boka, seier ho.

Samstundes set Jung Tjønn i Norge og vanskeleg kan forstå alt som har skjedd den siste halvanna veka.

Nytt opplag på veg

Boka som kom ut i august, er ikkje berre seld til Danmark. I tillegg er førsteopplaget på 2.500 eksemplar selt ut og eit nytt opplag på veg.

– Den fekk ein melding her og ein melding der. Elles så var det lite merksemd. Så kom Brageprisen, heilt uventa for meg. Då har den siste veka tatt av for min del, seier han og legg til:

– Det er ikkje akkurat Jo Nesbø-tilstandar, men det er mykje merksemd, det blir skrive om den, den blir trykt nytt opplag og eg får veldig mange tilbakemeldingar. Det er klart at det er kjempeartig for ein forfattar å bli lagt merke til.