NRK Meny
Normal

Indre Sogn vann vêrkampen i juni

Tykte du at juni var våt? Då har du heilt rett. Og Førde vart vêrtaparen.

Lærdaløyri gågate

VINNAREN: Med nedbør annankvar dag kom Lærdal og Fjærland best ut av juni-månad.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Der ausa det ned 22 av 30 dagar i førre månad. Og nedbørsmengda enda på 166 millimeter.

– Takle var våtast med 211 millimeter, men Førde avveik mest frå normalen med 50 prosent meir nedbør, seier statsmeteorolog Gunnar Livik.

Bøndene speida etter sola

Gunnar Livik, meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet

STATSMETEOROLOG: Gunnar Livik gir ikkje mykje håp om at juli blir like god som den var for tre år sidan.

Foto: Meteorologisk institutt

Det vart ein kald og våt start på sommaren over det ganske land. Også her i fylket då det allereie midt i juni var nærast krisestemning blant bønder lystne på å få førsteslåtten i hus.

Heller ikkje bærdyrkarane såg mot himmelen utan å speide etter sola.

– Folk byrjar å bli vêrsjuke. Eg sjekkar vêrmeldinga fleire gonger for dagen, og det veit eg fleire gjer også, sa Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal grønt, i midten av juni.

– Ikkje heilt forferdeleg

Livik stadfestar at det vart vått, men kanskje ikkje like vått som ein skulle tru.

Førde

LITE SOL: Med regn 22 av 30 dagar i juni, kan ein trygt seie at det ikkje vart for mykje blå himmel over fylkets største by.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

For medan juni månad har hatt færre nedbørsdagar og kanskje meir intense regnskur, var årets juni våt på det jamne.

– I mengde vart det ikkje heilt forferdeleg, men problemet var mange døgn med nedbør. Så ein klarte aldri å tørke skikkeleg opp, seier Livik.

Sogn vart vinnaren

Då var nok juni våtare andre stadar i landet. Samla sett ausa det ned 130 prosent av normalen i Norge. Våtast var det i Trøndelag, Rogaland, Agder og Telemark, der det varierte frå 200 til 275 prosent av normalen.

Månadstemperaturen for heile landet var derimot nær normalen. Slik var det også i trivselsfylket.

– Fjærland og Lærdal vart nok «vêrvinnaren» med høvesvis 16 og 17 nedbørsdøgn. Dei var også varmast. 30. juni målte dei 25 grader i Lærdal og 25,7 i Fjærland. Slik sett kan ein seie at Indre Sogn vart vêrvinnarar, medan Førde vart vêrtaparen, humrar Livik.

– Det er lov å håpe

Våt Moro 2014

2014: Juli 2014 skreiv seg inn i historiebøkene, noko også Våt Moro i Florø nytte godt av.

Foto: Truls Kleiven / NRK

For dei som håpar på ein langt varmare og tørrare juli-månad, har ikkje statsmeteorologen veldig godt nytt.

For å seie det slik, det blir med draumen om reprise på juli 2014. Då målte ikkje mindre enn seks vêrstasjonar i fylket rekordvarme.

– Det er diverre ikkje noko som tyder på ein knallsommar. Det er lov å håpe på ein fin slutt på juli og august, men det må ein setje i håpets teikn, seier Livik.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.