Sogn stretar imot – heng etter resten av fylket

Sogn heng etter resten av fylket i arbeidet med kommunereforma, og no hastar det, åtvarar fylkesmann Anne Karin Hamre.

Sogn regionråd

SAMLA I DAG: Sogn regionråd var i dag samla for å diskutere kommunesamanslåing. Motstanden var stor, og no åtvarar fylkesmannen om at Sogn heng bak resten av fylket.

Foto: Erlend Blålid Oldeide / NRK

– Samanlikna med møtet vi hadde i HAFS-regionen på måndag, so vil eg seie at Sogn er eit stykke bak HAFS i løypa, seier Hamre.

Sogn Regionråd var i dag samla for å diskutere kommunesamanslåing. Dette er eit tema som skal til diskusjon i alle kommunar i fylket, og på møtet i dag kom det fram at kommunane i Sogn ligg etter i dette arbeidet.

Ein betydeleg del av salen var mot heile reforma. Fleire argumentert for at reforma vert tredd ned over hovudet på dei, og meiner det ikkje er argumentert godt nok for kvifor det er behov for kommunesamanslåing.

Fylkesmannen seier det er viktig med kritiske røyster, mellom anna når det gjeld kva oppgåver dei nye, større kommunane skal få. Men etter møtet i dag, åtvarar ho sogningane mot å sette seg på bakbeina.

– Visst ein berre set seg i stolen og er mot det som faktisk eit fleirtal på Stortinget har bestemt, so er ikkje det so veldig konstruktivt, seier Hamre.

– Folk må snakke saman

Anne Karin Hamre

FYLKESMANN: Anne Karin Hamre.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

Hamre konstaterer etter møtet i regionrådet at status er ulik blant deltakarkommunane.

– Nokre formannskap har byrja å diskutere alternativ, og har tenkt på kva retning dei vil gå i, medan andre ikkje er der enno.

Ho oppmodar no kommunane til å ta leiarskap og byrje diskusjonane.

– Kommunane må tenke meir på tvers av kommunegrensene. Og det må dei spesielt no med denne kommunereforma. Folk må snakke med naboen, og bestemme seg for kva alternativ som er mest realistiske.

Men det vil ikkje Aurland

Harald N. Offerdal

REGIONRÅDSLEIAR OG ORDFØRAR: Balestrandsordførar Harald Offerdal.

Foto: Privat

Ordførar i Balestrand, Harald Offerdal (Ap), er leiar i Sogn regionråd, der følgjande ni kommunar er med og møttest i dag: Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal.

Han tek kritikken frå fylkesmannen med ro.

– Eg har eit avslappa forhold til det. Me har lagt eit løp. Eg trur det vil gå bra. Eg trur kommunane vil slutta lojalt opp om dei pålegga me har fått, seier Offerdal.

Noralv Distad er ordførar i Aurland, og seier han er tilhengar av kommunereform og forvaltningsreform, og tykkjer tanken om større kommunar som får fleire oppgåver og meir makt er god. Men han tykkjer ikkje tanken er god for sin kommune.

– Det vil framleis vere mogleg for nokre kommunar med færre enn 15.000 innbyggjarar å løyse oppgåvene. Det alternativet er veldig naturleg for oss, og veldig mange andre kommunar. Aurland kommunestyre vil sjå på moglegheitene for å halde fram som eigen kommune, seier Distad.

Noralv Distad

SJØLV: Noralv Distad meiner Aurland klarar seg sjølv.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Kvifor skal motstanden mot samanslåing vere større i Sogn enn andre delar av fylket?

– Det er litt vanskeleg å seie. Men det er ein stor region, så store samanslåingar vil gje store avstandar. Det er veldig ulike næringsstruktur, og kommunane har også veldig ulikt inntektsgrunnlag.

– Det hastar

Fylkesmann Hamre er heilt klar på at kommunane må sjå framover.

– Dette er ein region med eit utruleg potensial, med høge inntekter i fleirtalet av kommunane, og med næringslivet og alle dei offentlege arbeidsplassane. Både folketalsutvikling, alderssamansetting blant innbyggjarane og strukturendringar gjer at me er heilt nøydde til å diskutere framtida.

Ein kommuneproposisjon om nye kommunar og om nytt inntektssystem skal kome våren 2017. Kommunane må gjere vedtak innan sumaren 2016.

– Då må dei diskutere kva kommunar som skal slå seg saman allereie no. For det skal ut på høyring til innbyggjarane. Veldig mange skal vere med i diskusjonane.

– Det hastar litt?

– Ja, det er viktig å kome i gang no, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.