Hopp til innhold

Sogn slår ring om fylkeshuset i Leikanger

Aleksander Øren Heen og Laura Kvamme (biletet) er urolege for Førde sine senter-ambisjonar. Administrasjonssenteret i fylket skal vera i Leikanger, slår dei fast.

Aleksander Øren Heen, Laura Kvamme

URO I SOGN: Senterpartistane Aleksander Øren Heen (t.v.) og Laura Kvamme er redde for at Førde skal slå kloa i sentraladministrasjonen til fylkeskommunen.

Foto: Montasje: NRK

– Det gjer meg litt uroleg viss Førde har ambisjonar om å bli administrasjonssenter for fylkeskommunen, seier varaordførar Laura Kvamme (Sp) i Sogndal.

Kvamme kjenner seg ikkje trygg på nabofogderiet i nord. For i intensjonsavtalen for ein ny storkommune i Sunnfjord står det at Førde skal vera fylkessenteret.

Det er eit signal gruppeleiar i Årdal Senterparti, Aleksander Øren Heen, mislikar:

– Eg blir forundra over at Sunnfjord inviterer til kamp om noko som fungerer godt og er ein styrke for heile fylket.

Fylkeshuset Sogn og Fjordane

FYLKESHUSET: Sidan 1990 har det meste av fylkeskommunen sin sentraladministrasjon vore samla i denne bygningen i Leikanger.

Foto: Arild Nybø / NRK

Administrasjonssenteret Leikanger

Leikanger er Sogn og Fjordane sitt administrasjonssenter i dag, og det meste av fylkeskommunen sin sentraladministrasjon ligg der, med cirka 120 tilsette.

Også Førde har fylkeskommunalt administrative arbeidsplassar, om lag 40: Kulturavdelinga, halve samferdsleavdelinga, samt eit par arbeidsplassar innan plan og samfunn, og nokre tilsette ved opplæringsavdelinga.

Fylkeskommunen bør ikkje esa ut i Førde, meiner Øren Heen:

– I Leikanger er det bygd opp mange offentlege arbeidsplassar, som kanskje ikkje hadde kome til Sogn og Fjordane om ikkje fylkesadministrasjonen og andre offentlege arbeidsplassar hadde vore der. Heile fylket må sjå verdien av dette miljøet.

Grotle: Ingen grunn til uro

– Den bekymringa kan Sogn rett og slett leggja vekk, seier ordførar Olve Grotle (H) i Førde.

Olve Grotle på solidaritetsmarkering for flyktningar

INGEN SKJULT AGENDA: - Eg er ikkje ein tilhengar av at me skal ta ting frå kvarandre, seier ordførar Olve Grotle (H) i Førde.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Det har ikkje vore eit mål med kommunesamanslåinga i Sunnfjord å flytta verken fylkeskommuneadministrasjonen eller Fylkesmannen til Sunnfjord. Det som står i intensjonsavtalen er at Sunnfjord skal vera ei drivkraft og eit fylkessenter for Sogn og Fjordane. Men det er ikkje noko anna enn det Førde allereie er i dag, seier Grotle.

Kommuneforhandlingar

Uroa i Sogn for Førde sine senterambisjonar kom tydeleg fram førre fredag under forhandlingane i Vik om ein intensjonsavtale for nye Sogn kommune.

Arild Ingar Lægreid, Jan Geir Solheim, Harald Oppedal, Jon Håkon Odd

KOMMUNEFORHANDLINGAR: Korleis styrkja dei offentlege arbeidsplassane i Sogn har vore sentralt i forhandlingane om ein ny storkommune, f.v. ordførarane Arild Ingar Lægreid (Årdal), Jan Geir Solheim (Lærdal), Harald Oppedal (Balestrand) og Jon Håkon Odd (Leikanger) i eit forhandlingsmøte i Vik siste fredag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Eit argument er at ein slagkraftig storkommune best kan greia halda på dei offentlege arbeidsplassane, og òg å sikra seg nye.

– Eit poeng med den eventuelle nye kommunen er at Sogn blir ei vekstkraft på ein meir samla måte enn i dag, og då er det å bevara og skaffa fleire administrative arbeidsplassar viktig, seier Kvamme.

Tøff konkurranse

Sjølv om ordførar Grotle blankt avviser at Førde har ein plan om å bli det nye administrasjonssenteret i fylket, er han klar på at Sogn - og Nordfjord - kan venta seg konkurranse når nye statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar skal fordelast:

– Me må alle gjera oss attraktive i den konkurransen, men det skal skje på ein ryddig måte. Eg er ikkje ein tilhengar av at me skal ta ting frå kvarandre. Så venene våre i Sogn kan ta det heilt med ro. Det er ingen baktanke om å flytta fylkesadministrasjonen til Sunnfjord, som ligg bak ønsket om ein større kommune i Sunnfjord.