Hopp til innhold

Sogn Regionråd ber for Njøs

Sogn Regionråd oppmodar på det sterkaste om at forskingsaktiviteten ved Bioforsk på Njøs i Leikanger blir vidareført.

Bioforsk Njøs.
Foto: NRK

Leiar Olav Lunden i regionrådet meiner det er svært viktig at arbeidsplassane blir verande i Sogn og ikkje flytta til Hardanger.

- Med så stor bærproduksjon og slik bærutvikling vi har i heile Sogn så er det utruleg viktig at forskingsleddet blir verande i nærområdet.

Vil flytte ni forskarar

Bioforsk arbeider for tida med ein ny omstillingsplan. Der kjem det fram at ni forskarstillingar ved stasjonen på Njøs kan bli flytta frå Sogn. Dette meiner fleire set bærfylket Sogn og Fjordane kraftig tilbake. Lunden meiner omstillinga kom overraskande.

- Overraskande

- Det er overraskande fordi vi over ei tid har fått signal frå landbruksstyresmaktene om at vi må endre produksjonen i landbruket. Her har vi teke signala ved å satse på bærproduksjon, og når nokon då vil ta vekk forskingsstasjonen, så er det uventa.

- Men er det ikkje forståeleg at Bioforsk må sjå på økonomien?

- Jau, men det er svært diskutabelt om det er så mykje å hente på å flytte folk frå Sogn til Hardanger.

- Håpar dei revurderer planane

Onsdag møter direktør Harald Lossius i Bioforsk representantar for fylkeskommunen og Leikanger kommune. Tysdag snakka han med dei tilsette på Njøs. Lunden seier forskingsstasjonen har stor betydning for heile Sogn og Fjordane, og han håpar dei revurderer flytteplanane.

- Det var svært gledeleg at heile regionen no står bak oss i protesten mot å flytte forskarane frå Njøs, og dette er svært viktig for heile Sogn.