Hopp til innhold

Sogn prøver å speeda opp

Vik, Balestrand, Leikanger og Sogndal skal møtast for å finna ut om dei kan bli éin kommune. Men det blir truleg med snakket – til etter valet.

Ordførarane Olav Lunden og Harald Offerdal

VIL SAMLA NORDSIDA: Ordførarane Olav Lunden i Leikanger og Harald Offerdal inviterer nordsidekommunane i Sogn, pluss Vik til samanslåingsdrøftingar.

Foto: Noralv Pedersen

– Nordsidealternativet i Sogn – pluss Vik – har hatt lite framdrift. Difor inviterer me til eit samtalemøte for å retta på det, seier ordførar Olav Lunden (Ap) i Leikanger.

Kritisk Fylkesmann

I mars kritiserte fylkesmann Anne Karin Hamre kommunesamanslåingsarbeidet i Sogn, som ho meinte gjekk for sakte.

Anne Karin Hamre

KRITISK: Fylkesmann Anne Karin Hamre har etterlyst høgare fart på kommunereformarbeidet i Sogn.

Foto: Noralv Pdersen / NRK

– Ein kan ikkje protestera mot alt. Eg trur større kommunar kan bidra til å halda på - og gi oss nye - statlege arbeidsplassar, sa Hamre. Fylkesmannen har i oppgåve følgja opp kommunar som ikkje på eige initiativ tek grep i kommunereformarbeidet.

Vedgår lang tid

To månader etter skal Balestrand, Vik, Leikanger og Sogndal i løpet av mai møtast for å finna ut om dei kan bli éin kommune. I Sogn har mange kommunar lent seg på eit utgreiingsarbeid i regi av regionrådet, som nettopp er kome i gang.

Det skal greiast ut ei samanslåing av alle dei ni kommunane frå Høyanger og innover, samt to andre mindre fusjonsalternativ, som blir bestemt seinare. Parallelt har det så smått kome i gang sonderingar mellom kommunane.

– Me har kanskje brukt litt lang tid på regionrådsarbeidet vårt, vedgår Lunden.

Blir med snakket

– Det er eg heilt usamd i. Me har gode prosessar kringom i sognekommunane, seier ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand, som òg leier Sogn regionråd.

Men lite tyder på at snakket ordførarane imellom blir handfast, før tidlegast etter kommunevalet til hausten. Det gjeld òg det føreståande møtet mellom dei fire sognekommunane.

– Så store forhåpningar har eg ikkje i denne omgang. Me ønskjer å sjekka ut om nordsidealternativet er mogleg. Balestrand skal i tillegg finna ut om Høyanger og eventuelt Hyllestad er eit alternativ, seier Offerdal.

Ordførarane i Aurland, Lærdal, Høyanger og Årdal

NEI TIL STOR-SOGN: Ordførarane (f.v.) Noralv Distad (H) i Aurland, Jan Geir Solheim (Sp) i Lærdal, Petter Sortland (Ap) i Høyanger og Arild Ingar Lægreid (Ap) i Årdal er skeptiske til éin storkommune i Sogn frå Høyanger til Årdal.

Foto: Noralv Pedersen

Stor-Sogn manglar støtte

Det er Offerdal og Lunden som har teke initiativet til kommunesamanslåingsmøtet i Sogn. Lunden meiner eit Stor-Sogn med alle ni kommunane hadde vore det beste, men innser at det ikkje har tilstrekkeleg støtte.

Og då kan ein nordsidekommune, med Vik, på om lag 20000 innbyggjarar vera ei fornuftig løysing, seier den avtroppande leikangerordføraren.

Høyanger og Luster har takka nei til å vera med på møtet. Årdal, Lærdal og Aurland har eit eige arbeid på gang.