Hopp til innhold

Sogn og Sunnfjord leverer best mjølk

Nordfjord og Sunnmøre har lenge dominert lista over distrikt som leverer best mjølk, men må no sjå seg slått av Sogn og Sunnfjord.

Endre Råheim med Sølvtine

ELITEBONDE: Endre Råheim har levert Elitemjølk i femten år og blitt heidra med Sølvtine frå Tine meieri

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

– No gjeld det for sunnfjordingane og sogningane å halde dei unna, seier ei strålande nøgd Kjersti Sognnes i Tine meieri.

Som distriktssjef for Sunnfjord og Sogn har ho blitt vant til å sjå seg sått av nabodistriktet Nordfjord og Sunnmøre. Men i år var Sunnfjord og Sogn best på Vestlandet med ein elitemjølkprosent på heile 95,2.

– Elitemjølk er den beste mjølka som Tine produserer, so det blir stilt strenge krav til kvaliteten, seier Kjersti Sognnes.

Ingen snarvegar

Sølvtine

BLANK OG FIN: Sølvtina som Tine heidrar sine beste mjølkebønder er so blank at fotografen syner i gjenskinet.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

Mjølkebonde Endre Råheim frå Viksdalen er ein av bøndene som har bidratt ekstra godt til det gode resultatet. Gjennom femten år har han, Helge Myklebust frå Vassenden og Ove Andre Humborstad frå Kjølsdalen levert utelukkande elitemjølk. For dette har dei blitt heidra med Sølvtina frå Tine meieri, den gjævaste utmerkinga ein mjølkebonde kan få.

– Det er jo kjekt å få ei anerkjenning for arbeidet vi har lagt ned for å få god kvalitet på mjølka, seier Endre Råheim.

Og det er mykje som skal vere på stell for å produsere elitemjølk samanhengande over tid.

– Det viktig å ha gode rutinar i alle ledd, frå hygiene og vasking, kvalitet på fôret og ikkje minst dyrevelferd, seier Endre Råheim.

Endre Råheim

GOD DYREVELFERD: Å syte for at dyra har det bra er viktig for å produsere god mjølk, meiner Endre Råheim.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

– Det finst ingen snarvegar, det er heilskapen som må til.

Kjekt å slå nordfjordingane og sunnmøringane

Endre Råheim har fått med seg at sogningane og sunnfjordingane har slått nordfjordingane og sunnmøringane på kvalitet denne gongen, men vil ikkje rakke ned på nabodistriktet.

– Det er mange flinke mjølkebønder der oppe, so eg trur ikkje vi skal avskrive dei framover, meiner han.

Like fullt tykkjer Endre Råheim det er moro å vere på vinnarlaget denne gongen.

– At vi her i Sogn og Sunnfjord no hevdar oss i kampen mot nordfjordingane og sunnmøringane som har dominert so lenge, er jo kjekt.