Normal

Sogn og Nordfjord mot Sunnfjord i politistrid

Nordfjord og Indre Sogn vil ha tre politiregionar i Sogn og Fjordane. Sunnfjord vil ha éin. Før jul seier politimeisteren kva han vil ha.

Alfred Bjørlo, Ivar Kvalen og Ola Teigen

NORDFJORD/SOGN VS SUNNFJORD: Både Alfred Bjørlo i Eid (t.v.), Ivar Kvalen i Luster (midten) og resten av ordførarane i Nordfjord og indre Sogn står steilt mot Ola Teigen i Flora (t.h.) og Sunnfjord-ordførarane i striden om det skal vera éin politiregion i Sogn og Fjordane, eller tre som i dag.

– Med berre éi eining i fylket blir utkantane – Nordfjord og Sogn – tømde for politiressursar. Der blir mindre faglege politimiljø og mindre attraktivt å arbeida, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Denne hausten har det sigla opp ein strid om organiseringa av politiet, som splittar Sogn og Fjordane, nemleg kor mange regionar ordensmakta i fylket skal delast inn i.

Politimeister Kaare Songstad har sendt to alternativ ut på høyring, som ein del av politireforma:

  • Tre regionar, som i dag (politimeisteren kallar regionane for «geografiske driftseiningar»)
  • Éin region

No har kommunane fått sagt sitt om den nye organiseringa av politiet, og biletet er tydeleg: Nordfjord og indre Sogn vil ha tre regionar og står såleis steilt mot Sunnfjord, som vil ha éin.

Indre sentralisering

Bjørlo i nordfjordkommunen Eid fryktar ei indre sentraliseringa, og viser til signala frå nasjonalforsamlinga:

Stortinget har sagt at Justisdepartementet og Politidirektoratet skal sjå spesielt på fylke, der dagens geografiske einingar fungerer godt, og sikra at dei blir tekne vare på i politireforma.

Politiorganisering i vest

FRAMLEIS UVISST: Politimeisteren Kaare Songstad har ikkje sagt om han vil ha éin (til venstre) eller tre politiregionar (til høgre) i Sogn og Fjordane. Vest politidistrikt seier at politireformtilrådinga hans til Politidirektoratet ikkje kjem på torsdag som planlagt, men før jul ein gong.

Foto: Vest politidistrikt

I Sunnfjord håpar derimot eit samla ordførarkorps at Songstad skal landa på éin region. Ved å ha tre mindre kontor vil ikkje politiet greia å byggja opp spisskompetansen dei treng i framtida, seier ordførar Ola Teigen (Ap) i Flora, der den gamle politidistriktsleiinga i Sogn og Fjordane sat:

Treng spesialetterforskarar

– Spesielt viktig er å ha etterforskingsmiljø som spesialiserer seg på seksuelle overgrep, vald i nære relasjonar og overgrep mot born. Dei er heilt avhengige av å få bygd opp slike kompetansemiljø også i Sogn og Fjordane, seier Teigen.

Splittinga fogderia og kommunane imellom slår òg inn i fylkespolitikken, der eit knapt fleirtal i fylkesutvalet fekk gjennomslag for éin politiregion.

Også dagens tre regionlensmenn har vore delte i synet: Der Dag Fiske i Sunnfjord vil ha éin region og vist til at politijobben er blitt mykje meir spesialisert, har Tormod Hvattum i Nordfjord og Arne Johannessen i Sogn argumentert for tre, som i dag:

Arne Johannessen, Dag Fiske, Tormod Hvattum

TO MOT EIN: – Blir Sogn og Fjordane éin politiregion, kan me tapa kampen mot Bergen om folk og pengar, seier regionlensmann Arne Johannessen i Sogn (t.v.) og får støtte frå kollega i Nordfjord, Tormod Hvattum (t.h.), medan regionlensmann Dag Fiske (midten) i Sunnfjord meiner éin region vil gi best polititenester.

Bergen versus distrikta

– Dette handlar mellom anna om kor mange som skal sitja rundt bordet til politimeisteren. Der er det viktig å ha politileiarar utanfor Bergen by, for å få inn eit breiare perspektiv, sa regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen, i oktober.

Ordførar Ola Teigen i Flora trur ikkje tre regionlensmenn frå kvar sine små einingar vil ha særleg gjennomslag, og han er heller ikkje sikker på om dei faktisk vil stå skulder ved skulder:

– Eg trur ikkje tre regionlensmenn vil vera opptekne av Sogn og Fjordane. Dei kjem til å kjempa for pengar og politifolk til si eining, og vil ikkje tenkja heilskapleg når det gjeld ressursar til Sogn og Fjordane.

Vegopning på Bergum i Førde kommune