NRK Meny
Normal

Trur vi får halde fram som eige fylke i mange år til

Trass i at fylkeskommunane i 2001 gav frå seg ansvaret for sjukehustenestene er Sogn og Fjordane fylkeskommune ein stor organisasjon med rundt 1800 tilsette og eit budsjett på rundt 2,4 milliardar kroner.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane

DISPONERER 2,4 MILLIARDAR: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner Sogn og Fjordane fylkeskommune er høgst oppegåande i jubileumsåret.

– Medlemmene i fylkestinget er aktive i det politiske arbeidet, og har eit sterkt engasjement i ei lang rekke saker. Eg meiner vidare vi har eit godt samarbeid med kommunane på mange viktige utviklingsområde og at vi har opparbeidd ein god kompetanse på partnerskapsarbeid.

– Våre 1800 tilsette gjer kvar dag ein god og ansvarsfull jobb. Vi er i den heldige stoda at vi stort sett har ein moderne og opprusta bygningsmasse som gir tilsette og elevar ein god arbeidsplass og kvardag.

– Brukarane er alt i alt godt nøgde med fylkeskommunen sine tenester. Vi har god orden på økonomien, sjølv om det er truande skyer i horisonten. Tilstandsrapporten frå 250-årsjubilanten er etter mitt syn den aller beste.

Hovudansvarsområda til fylkeskommunen er opplæring, tannhelse, samferdsle, kultur, næringsutvikling, fylkesvegar, energipolitikk og planlegging.

(Artikkelen held fram under biletet)

Overtok riksvegane

Frå 2010 vart det meste av det tidlegare riksvegnettet overført frå Staten til fylkeskommunen, i Sogn og Fjordane utgjer det 2575 kilometer med veg. No har Staten berre ansvaret for stamvegane, i tillegg til E16 og E39 gjeld det riksveg 5 frå Lærdal til Florø og riksveg 15 frå Strynefjellet til Måløy.

Med på lasset fylgde og budsjettmidlar til vedlikehald, men det synte seg fort at desse pengane på langt nær var nok til å oppretthalde eit godt vedlikehald og oppgradering av så mange mil veg og med så mange tunnelar som vegsystemet i Sogn og Fjordane har.

(Artikkelen held fram under biletet)

Åshild Kjelsnes

HAR IKKJE NOK TIL VEGANE: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Her har fylkespolitikarane ei oppgåve som kan synast håplaus dersom dei ikkje får tilført meir pengar frå Staten. Fylkesordførar Kjelsnes stikk ikkje under stol at dei står framfor krevjande utfordringar.

– Vi har eit stort etterslep på vedlikehaldet av fylkesvegane, noko vi ikkje har fått kompensert i stor nok grad frå staten etter at vi har fått eit utvida ansvar. Vegnettet vårt er heller ikkje ferdig utbygd i heile fylket. Mellom anna har vi ikkje eit samanhengende nord-sør-samband langs kysten. Det er heilt nødvendig for å kunne ta ut potensialet av verdiskaping i denne delen av fylket.

Fylkeskommunen har og ansvaret for skuleskyss og for det offentlege båt- og busstilbodet i Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mo og Jølster vg skule på Vassenden

BLIR LAGD NED: Mo og Jølster vidaregåande skule, avdeling Vassenden.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Skulestrid og nedlegging

Før 2001 var det sjukehusa som drog av garde med det meste av fylkesbudsjettet. Etter at Staten overtok sjukehusa kom det ein periode der fylkeskommunen hadde økonomisk armslag til å byggje ut dei vidaregåande skulane.

Resultatet er at dei vidaregåande skuleelevane i Sogn og Fjordane har eit svært godt oppdatert undervisingstilbod i gode og moderne bygningar. Men ein annan konsekvens er at tilbodet har blitt for dyrt for fylkesøkonomien, i tillegg fører nedgang i årskulla til at det er ein stor overkapasitet.

Dermed var det klart for ein ny opprivande strid i Sogn og Fjordane: Kva skular må ofrast? Det har skapt stort engasjement på nokre av dei mest utsette skulestadene. Over 200 fråsegner kom inn.

Det enda med at Luster vidaregåande skule på Hafslo og Mo og Jølster vidaregåande skule på Vassenden blir lagde ned, og at det blir skore ned på tilbodet på ein del av dei andre skulane.

Fylkesordføraren er oppteken av å få sikra inntektsrammene, slik at fylket kan få ei utvikling i takt med resten av landet.

– Det er ei stor utfordring at elevtalet vårt og dermed inntektene går ned. Det er varsla eit nytt inntektssystem for fylkeskommunane. Dette er blitt utsatt fleire gonger, og vi fryktar at det nye systemet kan føre til reduserte inntekter for Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Luster vidaregåande skule på Hafslo

BLIR LAGD NED: Luster vidaregåande skule på Hafslo.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ikkje sjukehuseigar igjen

Fram til 2001 var det fylkeskommunen som eigde og dreiv sjukehusa. Det siste året har fleire rikspolitikarar og politiske parti teke til orde for at fylkeskommuane igjen bør få dette ansvaret. Det trur ikkje fylkesordførar Åshild Kjelsnes kjem til å skje.

– Nei, det trur eg ikkje. Fylkeskommunen var ingen dårleg sjukehuseigar, men det var store skilnader mellom tilboda i dei ulike regionane i landet. No er det lagt ein struktur som skal gje likeverdige tenester, men eg håper ein nyttar den lokalkunnskap som fylkespolitikarene sit med for å gjere tilbodet innan spesialisthelsetenesta best mogeleg tilpassa det lokale behovet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tomt føderom Lærdal sjukehus

TOMME FØDEROM: Den gong fylkeskommunen eigde sjukehusa var det framleis fødeavdeling på Lærdal sjukehus. Helse Førde har lagt ned den og akuttfunksjonen til sjukehuset.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Kulturen i Førde

Det aller meste av aktivitetane til fylkeskommunen blir styrt frå Fylkeshuset på Hermansverk. Men kulturavdelinga held til i Førde, der dei tilsette i 2012 flytta frå den tidlegare husmorskulen til eit nybygg i Førde sentrum.

I Førde ligg og Fylkesbiblioteket, medan Fylkesarkivet har sin base på Hermansverk. Fylkeskommunen har og eit ansvar for kulturinstitusjonane i Sogn og Fjordane, sjølv om musea er eigde av ei eiga stifting, Musea i Sogn og Fjordane.

– Norge treng eit eige Sogn og Fjordane

I år kan altså Sogn og Fjordan feire 250 år som ei eiga eining. Fylkesordføraren trur det kjem til å bli mange år til.

– Eg trur at Sogn og Fjordane vil bestå som eige fylke ei god tid framover. Det er etter mi meining ein føresetnad for at det som i dag er det geografiske området Sogn og Fjordane i framtida skal halde fram med å vere ein attraktiv og verdiskapande del av landet.

– Difor treng Norge eit Sogn og Fjordane der leiarane i fylket har eit eksklusivt ansvar for å gjere tydeleg kvalitetane, verdiane og ressursutnyttinga i fylket. Det trur eg ikkje vi får til dersom Sogn og Fjordane vert ein del eller ein utkant i ein eller fleire andre fylke.

– Då vil vi mangle den regionale kompetansen, tilknytinga og forståinga for kultur og ressursar som trengs for å få til full ressursutnytting. Det har ikkje Norge råd til å gje sllpp på er min påstand.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bilferja Svanøy

EIG REIARLAG: Sogn og Fjordane fylkeskommune er framleis hovudeigar av Fjord1. Dette er bilferja 'Svanøy'.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fjord1 og SFE

Dei to selskapa som fylkeskommunen eig, kraftselskapet SFE og reiarlaget Fjord1, blir styrde frå Sandane og Florø. Fylkestannlegen har tilhald på Hermansverk, han har tilsyn med 35 tannklinikkar rundt om i fylket.

Den politiske styringa av fylkeskommunen er slik: Fylkestinget er det øvste organet, det er 39 medlemmer. Mellom desse 39 er det valt eit fylkesutval på ni medlemmer, med Åshild Kjelsnes (Ap) som fylkesordførasr og Jenny Følling (Sp) som fylkesvaraordførar.

Fylkesutvalet fungerer og som bygge- og eigedomsutval, likestillingsutval pg klagenemnd. Under fylkestinget er det fire hovudutval, Hovudutval for samferdsle, Hovudutval for opplæring, Hovudutval for plan og næring og Hovudutval for kultur.


GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast