Sogn og Fjordane vann milliardkamp – igjen

Sogn og Fjordane fylkeskommune vann saka om forkjøpsrett i lagmannsretten. Ifølgje dommen kan kraftaksjane dermed overførast til kommunane i fylket. BKK vurderer å anke.

Kraftlinjer i fjellet mellom Årdal og Luster

VIL HALDE PÅ KRAFTMILLIARDANE: Fylkeskommunen har fått medhald i Gulating lagmannsrett.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Gulating lagmannsrett har som Sogn og Fjordane tingrett, slått fast at fylkeskommunen kan overdra aksjar til kommunane i Sogn og Fjordane utan at dette vil utløyse forkjøpsrett for BKK.

– Eg er veldig glad for at vi har fått medhald i lagmannsretten om at vi kan overdra aksjane til kommunane. Dette er ein full siger for oss i denne instans, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til NRK.

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig den største aksjeposten i Sogn og Fjordane Energi (SFE) gjennom selskapet SF Holding. Fylkeskommunen gjekk til søksmål mot BKK, den nest største eigaren i SFE, for å få avklart om dei vil ha forkjøpsrett ved ei eventuell overføring av aksjane i SF Holding når Sogn og Fjordane blir slått saman med Hordaland.

Håper på rettskraftig dom

I oktober vann Sogn og Fjordane milliardkampen i tingretten. No har også lagmannsretten slått fast at det ikkje vil utløyse forkjøpsretten til BKK om fylkeskommunen vel å overføre aksjane til kommunane i Sogn og Fjordane.

Følling håper dei snart får ein rettskraftig dom.

– Det vil vere viktig for oss når vi avklare dei handlingsalternativa som fylkeskommunen jobbar med for at dei verdiane som er opparbeidd gjennom kraftselskapet vårt gjennom 100 år, vil bli verande i Sogn og Fjordane også etter fylkessamanslåinga, seier ho.

Vurderer anke

Gulating lagmannsrett har bestemt at BKK må betale nesten 500.000 kroner i sakskostnader.

BKK vurderer å anke dommen frå lagmannsretten.

– Vi vil no bruke tid på å gå gjennom dommen frå lagmannsretten og premissane for vurderingane til retten, så får vi sjå om det eventuelt er grunnlag for å gå vidare til Høgsterett, seier kommunikasjonsdirektør Jarle Hodne.

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig i dag 49,5 prosent av SFE, medan BKK eig 36,8 prosent. Kommunane Flora, Gloppen, Bremanger, Askvoll, Selje, Eid og Naustdal eig til saman 13,7 prosent.