NRK Meny
Normal

Sogn og Fjordane Teater har fått ny teatersjef

Solrun Toft Iversen er ny teatersjef for Sogn og Fjordane Teater, fram til mars 2017.

Solrun Toft Iversen

NY SJEF: Solrun Toft Iversen skal leie Sogn og Fjordane Teater inn i jubileumsåret 2017.

Foto: POUL IVERSEN

– Solrun har jobba med oss som kunstnarleg rådgjevar sidan mars og kjenner prosekta vår godt. No skal ho leie teateret framover i ein periode, seier Lene Grande i Sogn og Fjordane Teater.

Ho tar over sjefsstolen for teateret medan noverande teatersjef Bodil Kvamme er sjukmeld. Toft Iversen kjem inn i ein periode der mykje skjer på teateret.

– Vi er inne i ein veldig hektisk haustperiode. Vi har premiære med «Kvinna frå før», no i haust, vi er igang med to juleoppsettingar, og i desember skal vi legge fram programmet vårt for 2017, seier Grande.

I 2017 feirer Sogn og Fjordane Teater 40 år, og teateret skal feire med jubileumsframsyning av den musikalske komedien «Evig ung», som handlar om Sogn og Fjordane Teater 40 fram i tid – i 2057.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.