NRK Meny
Normal

Sogn og Fjordane fylkeskommune får 235 mill. kr mindre å rutte med

Sogn og Fjordane fylkeskommune får 235 millionar kroner mindre i inntekter om fem år. Det er den førebelse konklusjonen etter at regjeringa i dag la fram revidert nasjonalbudsjett.

Eli Nes Killingrød

KOM MED DRAMATISK NYTT: Økonomidirektør Eli Nes Killingrød orienterer fylkesutvalet om endringane i inntektstgrunnlaget. Ved bordet Bjørn Birger Bremer, fylkesordførar Åshild Kjelsnes og Knut Henning Grepstad.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Framlegget som finansminister Siv Jensen (Frp) kom med har så dramatiske utslag for Sogn og Fjordane at partifellen, fylkesleiar Frank Willy Djuvik, var mellom dei som kom med dei skarpaste reaksjonane.

– Det er umogeleg å gjennomføre så store nedskjeringar, sa Djuvik, som lova å bruke alle kanalar for å få endra framlegget.

Det var økonomidirektør Eli Nes Killingrød i fylkeskommunen som la fram dei dramatiske realitetane for fylkesutvalet i dag. Ho strekar under at dette er førebelse tal, men ho seier dei alt i 2015 må greie seg med 25 millionar kroner mindre.

– Dei sukrar pillen første året slik at nedtaket ikkje blir så stort, vi får ein kompensasjon på rundt 20 millionar kroner, slik at det berre blir 25 millionar mindre. Så aukar det til 235 millionar kroner i løpet av det femte året.

– Dramatisk

Med andre ord blir det ei gradvis nedtrapping av inntektene til mellom anna skule, veg, tannhelse, kultur og næringsutvikling i Sogn og Fjordane. Det andre året blir nedgangen på 77 millionar, det tredje 130 millionar, det fjerde 182 millionar og det femte året 235 millionar.

Det betyr at i åra frå 2019 vil fylkeskommunen ha 235 millionar mindre i budsjett kvart år.

– Grunnen til at det blir så dramatisk er at dei har teke vekk ordninga med inntektsgaranti og erstatta den med ei ny overgangsordning. Dei ynskjer å få effektane av omlegginga raskare i system, seier økonomidirektøren.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes seier at ho treng tid til å fordøye desse tala.

– Dette er veldig dramatisk for innbyggjarane. Det vil gå ut over mange sektorar. Vi må sjå på strukturar, på tenestetilbod som ikkje er lovpålagde. Kulturbudjsettet vårt er på 50-60 millionar netto, og det monnar ikkje mykje om vi skal sjå fem år framover.

– Betyr dette at det berre blir snakk om kutt og slakt dei komande åra?

– Det har eg veldig lite lyst til å seie, men vi må ta innover oss ein heilt annan økonomisk kvardag, og vi må tenke på ein heilt annan måte. Det er vondt at det kjem til å gå ut over så mange einskildtiltak, ting som har vore varemerket til fylket.

Fylkeshuset på Hermansverk

FÅR MINDRE Å RUTTE MED: Sogn og Fjordane fylkeskommune får dramatisk nedgang i inntektene dei komande åra.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Umogeleg, seier Djuvik (Frp)

Hadde inntektsgarantiordninga blitt ståande, ville nedgangen ha blitt 10 millionar i året i uendeleg lang tid. Difor har Sogn og Fjordane fylkeskommune lagt inn i økonomiplanen at inntektene skal gå ned med minst 40 millionar kroner.

– Difor blir nedgangen langt større enn vi hadde føresett, seier Eli Nes Killingrød, som tek atterhald om at det enno er mange usikre moment.

Frank Willy Djuvik

- UMOGELEG: Frank Willy Djuvik (Frp).

Foto: Benedicte Hole / NRK

Fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Frp er samd med fylkesordføraren i at tala i revidert nasjonalbudsjett er dramatiske for Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Det er svært dramatisk. Skal vi ta ned 10 prosent av budsjettet vårt dei komande åra vil det i realiteten vere umogeleg, fordi mange av midlane er bundne opp til langsiktige kontraktar på bussar, båtar og ferjer, drift av skular.

– Korleis er det for deg at det er din eigen partileiar som finansminister som har kome med dette framlegget?

Vil bruke alle kanalar

– Det er sjølvsagt noko eg ikkje set særleg stor pris på. Eg har forståing for at det må gjerast endringar i eit 20 år gamalt inntektssystem, men dei må sjå på kva utslag dette får for einskildfylke og for innbyggjarane.

Han lovar at han no vil bruka alle tilgjengelege kanalar for å få endra framlegget til nytt inntektssystem for fylkeskommunane.

Jenny Følling

- MÅ TA ANSVAR: Fylkesvaraordførar Jenny Følling.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) seier at dei som har røysta på Høgre og Framstegspartiet no får det dei har røysta på.

– Dei må faktisk ta ansvar for at det er deira eiga regjering som kjem med framlegg som får så dramatiske utslag. Dei raudgrøne såg og på dette framlegget, men dei meinte det ikkje var godt nok utgreidd. Dei blå brukar nokre få månader, og så smell dei det ut.

No er ho spent på korleis Venstre og Kristeleg Folkeparti stiller seg til framlegget når det kjem til Stortinget.

– Eg vil be representantane frå Venstre og KrF om å arbeide mot sine parti for å avgrense skadeverknadene.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har rundt 1800 tilsette og har ansvaret for ei rekkje tilbod til innbyggjarane:

  • Fylkesvegar
  • Vidaregåande skular
  • Kultur
  • Næringsutvikling
  • Tannhelseteneste
  • Eigar av Fjord1
  • Eigar av Sogn og Fjordane Energi (SFE)

Les også: Trur vi får halde fram som eige fylke i mange år til

– Dramatisk for kommunane frå 2017

Og kommunane må belage seg på mindre vekst i inntektene dei komande åra, seier seniorrådgjevar Kåre Træen hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

– Dei kommunane som har sterk vekst i folketalet vil få litt meir, men i Sogn og Fjordane har vi ikkje kommunar som når opp i den veksten. Frå 2016 kan det kome ei endring i selskapsskatten ved at delar av den kan bli ført tilbake til kommunane.

Det siste kan få utslag for kommunar som Årdal og Høyanger, som i så fall kan få meir av skatten frå Hydro.

Træen seier at det først frå 2017 vil bli meir dramatiske endringar i inntektssystemet, og at det då kan bli store utslag for einskilde kommunar.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå