Hopp til innhold

Sogn og Fjordane slepp litt billegare unna

Men det er framleis flaumvarsel for Sogn og Fjordane det neste døgeret. Hordaland og Rogaland får det verste regnet frå det kraftige lågtrykket, på veg til Vestlandet.

Flaum i Førde

FLAUMVARSEL: Sjølv om det er venta litt mindre regn enn det som vart varsla søndag, er det framleis flaumvarsel for Sogn og Fjordane. Men det er ikkje venta at det blir som Oktoberflaumen i 2014.

Foto: Borgar Sagbakken

I går sende NVE ut flaumvarsel på grunn av meldingar om store nedbørsmengder i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Det tunge regnvêret har ikkje slått til enno, og det kan sjå ut som at det kraftigaste regnet vil komme lenger sør på Vestlandet.

– Det blir grått, men Sogn og Fjordane slepp billegare unna enn Hordaland og Rogaland, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Framleis flaumvarsel

Men det betyr ikkje at faren er over. Tommy Skårholen på NVE sin flaumvarsling opplyser at det framleis er flaumvarsel.

– Det vil vere flaumvarsel frå i dag og fram til tysdag føremiddag, seier han.

Det betyr at folk framleis må bu seg på uvanleg mykje vatn det neste døgeret. Skårholen meiner nedbørsmengdene er store nok til at dei som bur utsett til bør passe litt på.

– Eg ville kanskje tatt ein tur ut og sett om det er nokre gjenstander ute som ein kan sikre, og så opne avløp og stikkrenner slik at vatnet kan renne fritt.

Meteorologen Fagerlid seier at den kraftigaste nedbøren i Sogn og Fjordane kjem i kveld, utover natta, og tysdag morgon.

– Vi ventar 50 til 80 millimeter fram til tysdag føremiddag, og det er framleis ganske mykje, seier meteorologen.

Ulikt fordelt

– Det er ganske store skilnader i Sogn og Fjordane. Det ser ut til at indre Sogn slepp unna med 10 til 20 millimeter, og det vil bli mest i midtre og ytre strok.

Så dei vanlege nedbørsstadane vil få mest.

Når den kraftigaste nedbøren har gitt seg, er det ikkje varmt og tørt sommarvêr som tar over.

– På onsdag og torsdag forventar vi snøbyer ned til 700–800 meter. Det blir helst på natta når det er kaldast, for på dagtid vil det vere temperaturar på ti til tolv grader, seier meteorologen Fagerlid.