Hopp til innhold
Fylkesmann Anne Karin Hamre, KS-leiar 
Harald Offerdal, Sogndalordførar Jarle Aarvoll(Ap)og Hyllestadordførar Morte Askvik (Sp).

Sogn og Fjordane og statsbudsjettet

Oppsummert

I dag blir forslaget til statsbudsjett for 2018 lagt fram frå regjeringa. Kva konsekvensar får dette for deg og meg? Kven får meir eller mindre pengar? Vi følgjer nyheitene om budsjettet her.

  • Kuttar i støtta til fjordhesten

    – Det er sjølvsagt veldig trist for fjordhesten. Vi må jobbe langsiktig for å få fleire føl, og det blir vanskeleg med så store kutt, seier dagleg leiar i stiftinga Norsk fjordhestsenter Magni Hjertenes Flyum.

  • Vidareførar støtta til avissenter

    Nynorsk Avissenter i Førde, som utdanna nynorskskrivande journalistar, får ein liten auke i støtta i forslaget til statsbudsjett. I forslaget ligg dei inne med eit tilskot på 2,83 millionar kroner, mot 2,77 i år.

  • Eid er den store vinnaren

    Eid er den store kommunevinnaren i Sogn og Fjordane i Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2018. Kommunen i Nordfjord får 4,8 prosent meir pengar å rutta med neste år enn i år, dersom Regjeringa får det som ho vil. Hovudårsaka er at Eid får større utgifter neste år og blir kompensert for dette.

    Alfred Bjørlo
    Foto: Josef Ness Tveit / NRK
  • Solund overraskar

    Solund er den kommunen i Sogn og Fjordane som skårar tredje best i Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett med ein vekst i frie inntekter på 2,8 prosent. Kystkommunen har brukt å komme dårleg ut når dei frie inntektene til kommunane skal fordelast, men i år kjem dei overraskande godt ut. Dette på grunn av ein solid vekst i folketalet.