Hopp til innhold

Kom med klar oppmoding: - Sogn og Fjordane må slutte å sutre

– Sogn og Fjordane må slutte å sutre! Det var den klare oppmodinga frå Vincent Fleischer, strategi- og kommunikasjonsdirektør i Innovasjon Noreg.

Vilhelm W. Fleischer i Innovasjon Norge

KLART RÅD: Vilhelm W. Fleischer både provoserte og engasjerte fylkestingspolitikarane med sitt innlegg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg skal ikkje vere for påståeleg og påstå at folk i Sogn og Fjordane sutrar for mykje.

– Men eg trur at Sogn og Fjordane har vent seg til å snakke om kva ulemper dei har, seier Fleischer til NRK.no.

Fordeler før ulemper

I heile dag har fylkestinget i Sogn og Fjordane hatt temadag om verdiskaping. Fleischer var ein av innleiarane, og han både engasjerte og provoserte fylkespolitikarane.

Han mana heller politikarane til å sjå på ting på andre måtar.

– Eg trur det er viktig at ein heller snakkar om kva ein har av fordelar. Slik kan diskusjonen bli meir konstruktiv. Ein må ikkje henge seg opp i kva avstandsulemper ein har, eller at det er ein ulempe med fjordar.

– Ein bør heller tenkje at det er ein styrke at ein har fjordar, ein styrke at ein har fisk og at mange andre ting er ein styrke og heller byggjer vidare på det.

Slik trur Fleischer at dialogen i både det politiske miljøet og i næringslivet blir betre og meir konstruktiv. Og ikkje minst.

– Eg trur og det vil blir meir spennande for folk i fylket å vere med i den politiske diskusjonen, seier strategi- og kommunikasjonsdirektøren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkestinget samla 16. april 2013

VERDISKAPING: Korleis skal ein skape meir verdiskaping i Sogn og Fjordane? Det var blant tinga fylkestingspolitikarane diskuterte på møtet i dag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Meiner det manglar kunnskap og kompetanse

Fleischer la også vekt på at politikarane i Sogn og Fjordane må leggje til rette for meir enn berre reiselivsbasert næring når dei skal jobbe med ein næringsstrategi for fylket.

Han nemnde både marine næringar, landbruk og skog som spennande næringar. Men felles for alle var at han meinte det mangla kunnskap og kompetanse.

– Eg synst Sogn og Fjordane har vore for dårlege på å bruke Høgskulen og Vestlandsforskning. Dei har blitt sitjande på sidelinja i forhold til utvikling av fylket og verdiskapning, seier Fleischer.

Det er mogleg

Desse miljøa må involverast i langt større grad var rådet hans. Han viste til det han kalla bringebærstrategien.

– Bringebærstrategien er inspirert av det veldig gode arbeidet som er gjort med å foreldre bringebær i Sogn og Fjordane.

– Her har ein greidd å bruke forskingsmiljøa og byggje opp mykje meir kompetanse i produksjonen av bringebær, seier Fleischer.

Han viser til at ein har lukkast med å lage ein bringebærsort som er hardfør under transport, og at ein har greidd å doble prisen på bæra sidan ein byrja med prosjektet.

– Dette betyr mykje meir verdiskaping, fleire arbeidsplassar og ei heil verdikjede som fungerer.

– Men er dette overførbart til andre næringar?

– Heilt opplagt. Det handlar om at bedriftene som vil noko og kunnskapsmiljøa som kan bidra må finne saman. Dette må fylkeskommunen og kommunane byggje opp under, seier Fleischer.

Kan ungdommen utdanne seg i fylket?

For å sikre seg ei næringsliv i fylket som blomstrar meiner Fleischer at det heilt klart må gjerast grep.

– Eg trur det er viktig at næringslivet set seg ned saman med Høgskulen og definerer kva kompetanse ein treng for å utvikle fylket.

– Det som er tydeleg er at næringslivet i Sogn og Fjordane treng meir kompetanse for å hevde seg, seier han.

Slik det er i dag meiner han det er for tungvint for næringslivet, sidan dei som regel må hente inn folk utanfrå.

– Det hadde vore betre om ungdomen kunne ta den utdanninga som bedriftene etterspør i eige fylke. Då hadde det blitt meir attraktivt å bli buande her, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frank Willy Djuvik og Bjørn Hollevik

POSITIVT: Både Frank Willy Djuvik og Bjørn Hollevik like innlegget frå Vilhelm V. Fleischer i Innovasjon Noreg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Starten på ein diskusjon

NRK har snakka med fleire politikarar, og alle var svært positive til innlegget til strategi- og kommunikasjonsdirektøren i Innovasjon Noreg.

Blant dei er Bjørn Hollevik som representerer Høgre på fylkestinget.

– Eg synst det er veldig kjekt at kjem nokon frå utsida, som evnar å sparke og litt på leggen og utfordrar oss å det vi driv med mest.

– Nemleg å krangle om den minste ting og ikkje sjå dei store linjene, seier han til NRK.no.

– Men vil dette endre noko?

– Det vil iallfall vere starten på ein diskusjon. Eit av hovudmomenta er at vi ikkje er flinke nok når det gjeld utdanning retta mot næringsliv. Og no er det ikkje vi som politikarar som bestemmer kva linjer dei skal ha, men vi kan komme med innspel, seier Hollevik..

– Utnytte det til vår fordel

Gruppeleiar for Framstegspartiet på fylkestinget, Frank Willy Djuvik, likte også innlegget. Men meiner det som vart sagt har blitt sagt tidlegare også.

Jenny Følling

NYTTIG: Jenny Følling (Sp) meiner det er godt å bli sparka litt på leggen av nokon som ser fylket utanfrå.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette har vi høyrt før. Kanskje ikkje så samanfatta og spissformulert, men det er mange aktørar som har løfta fram desse tankane om at vi må tenkje nytt, sjå moglegheiter og ikkje berre problem og utfordringar.

At Sogn og Fjordane må slutte å sutre, slik Fleischer klart oppmoda til, er ei oppmoding Djuvik kan skrive under på.

– Det er veldig viktig at vi sluttar sjå negativt på alt som skjer. At vi ser moglegheitene i det og ser kva vi kan utnytte til vår fordel sjølv om det ved første augekast kan verke negativt.

– Godt å bli sparka på leggen

Også gruppeleiar for Sp og fylkesvaraordførar Jenny Følling likte innlegget. Ho kallar det forfriskande og meiner det er viktig at dei som politikarar løftar blikket og ser dei store linjene.

– Eg trur vi har godt av å bli sparka litt på leggen. Vi har veldig mykje bra, noko kan gjerast betre og det trur eg er viktig å ha fokus på i verdiskapingsplanen, seier ho.