Hopp til innhold

Sogn og Fjordane Legeforeining: – Vi er sterkt bekymra

Legeforeininga i Sogn og Fjordane varslar om for dårleg dekning på akuttkirurgi.

Førde sentralsjukehus, akuttmottak

AKUTT: Sogn og Fjordane legeforeining varslar at dei treng fleire kirurgar på vakt når akutte ting skjer.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Vi er sterkt bekymra, spesielt når det gjeld kirurgi, seier leiar Ronny Cassells i Sogn og Fjordane legeforeining til NRK.

Nettstaden dagensmedisin.no skriv at Sogn og Fjordane legeforeining har sendt ei bekymringsmelding til Helse Vest, der dei mellom anna peikar på kritisk mangel på kirurgar på vakt som kan handtere akutte situasjonar.

– Uroa vår aukar i takt med sentraliseringa som vi ser av helsetilbod i Norge, seier Cassells til NRK.

– Rekruttering er ikkje godt nok prioritert

Cassells seier Sogn og Fjordane er avhengig av akuttkirurgi. Då må det også vere vaktkompetente kirurgar som kan handtere dei tilfella der ein treng operasjon.

– Per no ser vi at dette kan bli vanskeleg å få til på sikt, fordi rekruttering ikkje har vore godt nok prioritert i fylket vårt.

Sogn og Fjordane legeforeining har jobba tett med rekruttering av legar i fylket dei siste åra.

Ronny Cassells

REDD FOR REKRUTTERINGA: – Sogn og Fjordane treng akuttkirurgar, viss ikkje vil korthuset rakne, seier Cassells.

Foto: Privat

– Vi ser at sentralsjukehuset i Førde har slite med å få tak i legar innanfor fleire spesialitetar.

Samtidig blir pasientane fleire, eldre og sjukare, ifølgje Cassells.

– Helsevesenet har blitt så spesialisert at det krev fleire hender. Når legane helst vil bu og jobbe i større byar, vil Sogn og Fjordane slite.

Han er også bekymra for beredskapen, og for korleis mangelen på kirurgar vil påverke akuttkirurgien på sikt.

– Det er for lite beredskap å ha eitt helikopter som ikkje alltid kan fly. Vi treng å få gjort akuttkirurgi i fylket her, og ei eventuell nedlegging av akuttkirurgien vil gi tap av liv fleire gongar i året.