Hopp til innhold

Omsetjarens røyst – kunstutstilling om språk

FØRDE (NRK): – Vi er alle omsetjarar. Dette er tanken bak Sogn og Fjordane kunstmuseum si nye utstilling om språk og identitet i ei global verd.

Martin Waldmeier og Ingrid Norum

UTSTILLING OM SPRÅK: Kurator Martin Waldmeier og konservator Ingrid Norum set opp kunstutstillinga 'Omsetjarens røyst' ved Sogn og Fjordane kunstmuseum.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

– Vi er inne i ei tid der vi i aukande grad må snakke andre språk – både privat og profesjonelt. Ein må beherske fleire språk for å kunne reise, og utvikle seg profesjonelt, seier kurator for utstillinga Martin Waldmeier.

Utstillinga, som opnar på Sogn og Fjordane kunstmuseum laurdag, utforskar samanhengen mellom språket vårt, andre språk vi snakkar, haldningane våre til dei, og kva identitet vi får i ein global samanheng.

Martin Waldmeier

KURATOR: – Utstillinga ser på rolla til omsetjaren, som vi alle er i samfunnet i dag, seier kurator Martin Waldmeier.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

Eit språk alle forstår

Samstundes lever vi i ei verd med mykje migrasjon, der folk må flytte frå heimane sine på grunn av krig og konfliktar. Flyktningekrisa skapar hindringar for menneska som er involverte, men også for samfunna som tar i mot dei. Kva språk kan vi bruke for å kommunisere med kvarandre, korleis kan vi forstå kvarandre?

Konservator ved kunstmuseet Ingrid Norum meiner tematikken er svært aktuell for folk i fylket.

– Når temaet for utstillinga er språk, omsetjing og identitet kan dette vere noko vi i utgangspunktet ikkje tenkjer vi har eit forhold til, seier ho.

– Men også vi på vårt arbeid på mange forskjellige arbeidsplassar i Sogn og Fjordane er dagleg borti omsetjing utan at vi tenkjer over det. I tillegg har vi problematikken med nynorsk og bokmål, og at engelske uttrykk tar meir og meir over.

Tema gjeld stadig fleire

Også Sogn og Fjordane er prega av at fylket blir meir fleirkulturelt.

– I Førde har vi minst 30 ulike nasjonalitetar som bur her. Kvardagen deira består av ein kontinuerleg straum av omsetjing.

Ho håper utstillinga kan gi folk eit innsikt i korleis omsetjinga speler ei stor rolle i kvardagen til folk.

– Kanskje vi kan bli meir tolerante til folk som kjem utanfrå når vi ser kva dei strevar med, kor vanskeleg det er å lære seg eit nytt språk, seier ho.

Ingrid Norum og Martin Waldmeier

OMSETJARENS RØYST: – Kanskje vi kan bli meir tolerante til folk utanfrå når vi ser kor vanskeleg det kan vere å lære seg eit nytt språk, seier konservator ved Sogn og Fjordane kunstmuseum, Ingrid Norum. Kurator Martin Waldmeier til høgre.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK