Hopp til innhold

Flinkaste elevane i landet – nok ein gong

Ungdomsskuleelevane i Sogn og Fjordane er dei flinkaste i landet. «Det er kult å vere flink» har blitt eit mantra for elevane, ifølgje fleire NRK har snakka med.

Førde ungdomsskule

FLINKAST I LANDET: På statistikken over landets flinkaste avgangselevar på ungdomsskulen tronar Sogn og Fjordane, saman med Akershus. Lærar Sølvi Irene Søgnen og tiandeklasseelevane Brage Burø Sunde og Birte Kamilla Øen på Førde ungdomsskule trur det er fleire årsaker til at fylket gjer det så godt.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– For ein del år sidan var nok pendelen litt på andre sida. Då var det litt ukult å vere flink. Vi legg vekt på at det skal vere lov å vere god. På same måte som det skal vere lov å ikkje score det beste resultatet, må det og vere lov å vere god, seier ungdomsskulelærar Sølvi Irene Søgnen.

Nyleg publiserte Statistisk sentralbyrå (SSB) ei oversikt over karakterar ved avslutta grunnskule, og øvst på statistikken, saman med Akershus, finn ein Sogn og Fjordane.

I desse fylka har elevane dei høgaste karakterane når dei går ut av ungdomsskulen, med gjennomsnittleg grunnskulepoeng på 41,5.

– Trivsel er avgjerande

Sølvi Irene Søgnen er ungdomsskulelærar, og trinnleiar for tiandeklasse på Førde Ungdomsskule. Ho jobbar dagleg med det som er dei flinkaste elevane i heile landet.

Søgnen trur dei gode resultata for fylket sine ungdommar kan forklarast på fleire måtar, men trur det er spesielt ein faktor som er viktig for læringa til dei unge.

– Vi har veldig gode elevundersøkingar, som syner at elevane trivst veldig godt. Vi har ein trivsel som er heilt i taket, og trivsel verkar inn på læring. Vi ein teori om at høg trivsel gjer at ein tar til seg læring lettare, for då har ein eit tryggare miljø å vere i og det fremmar læring, seier ho.

Kva tenkjer du om læraren si rolle i dette?

– Læraren er jo ein rettleiar og tilretteleggjar. Vi skal formidle kunnskap. Men læraren er jo også ein omsorgsperson. Det er ikkje alle som har det like godt, og dei elevane skal og føle at dei har ein vaksenperson dei kan stole på skulen.

Flinke lærarar og «kult å vere flink»

Birte Kamilla Øen og Brage Burø Sunde er begge avgangselevar på Førde ungdomsskule.

Dei meiner at eit godt læringsmiljø og flinke lærarar har mykje av æra for at dei har blitt så flinke som dei har blitt.

– Vi lærarar som er flinke til å snakke med elevane og spør om vi forstår. Det er forskjell på ein lærar som seier «de skal kunne dette» og gir oss ein prøve, og ein som spør: «Kan du faktisk dette?», seier Birte Kamilla Øen.

Burø Sunde er også einig i at det har blitt kult å vere flink, og trur at dette gjer at elevane er gode til å heie på kvarandre.

– Det er ikkje ein konkurranse, men det har blitt kult å vere flink. Viss det er ein som er veldig flink, så synest folk det er kult at han er flink. Vi «psykar» kvarandre opp før prøven, men det blir ikkje ein konkurranse kor vi rangerer kvarandre. Du må berre tenke at du gjer ditt beste og det er godt nok.

Gode resultat over mange år

Ifølgje Skoleporten, som er Utdanningsdirektoratet si nett-teneste for å samle data om opplæring i grunnskulen og i vidaregåande skule, har Sogn og Fjordane hatt eit stabilt resultat dei siste fem åra.

Helge Sæterdal

NØGD, MEN IKKJE OVERRASKA: Kommunalsjef for barnehage og skule, Helge Sæterdal, er godt nøgd med resultata for grunnskulepoeng i SSB si undersøking. Han er likevel ikkje overraska over at Sogn og Fjordane ligg på topp.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Sogn og Fjordane har toppa statistikken for avsluttande karakterar i ungdomsskulen i fleire år, og denne statistikken meiner kommunalsjef for skule i Førde kommune, Helge Sæterdal, er gledeleg, men ikkje overraskande.

– Noko av nøkkelen til at vi har halde eit høgt nivå over veldig mange år, er at vi har fokus på korleis vi kan forbetre oss. Det kjem nye elevar kvart år, så vi kan ikkje kvile på resultata frå i fjor, seier Sæterdal

Presterer betre enn venta

Göran Söderlund

LÆRANDE REGIONAR: Forskar Göran Söderlund ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er prosjektleiar for

Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane

Forskar Göran Söderlund ved Høgskulen i Sogn og Fjordane jobbar med eit forskingsprosjekt som undersøker korfor nettopp Sogn og Fjordane gjer det så bra på nasjonale målingar.

– Resultata talar for seg. Det er ein indikasjon på at det er eit eller anna som er bra, seier han.

Han understrekar at det er vanskeleg å finne eit enkelt svar på korfor elevane er så flinke akkurat her, men meiner det er spesielt at fylket klarar å hevde seg på lik linje med Akershus.

Forskjellen mellom elevar med høgt og lågt utdanna foreldre er mindre i Sogn og Fjordane enn i andre fylke.

– Sidan 2006 har Sogn og Fjordane prestert betre enn kva den sosioøkonomiske bakgrunnen skulle gje elevane grunnlag for, seier Söderlund.