NRK Meny
Normal

Sogn og Fjordane får rovviltansvaret på Vestlandet

Miljødepartementet har bestemt å flytte rovviltsekretæren frå Rogaland til Sogn og Fjordane. Det set Bjørn Lødemel, frå Høgre stor pris på.

Ulv, Jerv og Gaupe

ANSVAR: Denne sommaren har spesielt ulv og jerv skapt utfordringar og tap for beitenæringa i Sogn og Fjordane. Av fylka i rovviltregion 1 er Sogn og Fjordane det fylket som har størst problem med rovdyr.

Foto: Franck Delhomme/Pete Cairns(BBC)/Namsskogan Familiepark

– Vi har jobba for dette ei god stund. Det er her i fylket vi har den største utfordringa når det kjem til rovvilt, seier Bjørn Lødemel. Han er stortingsrepresentant for Høgre og også rovviltpolitisk talsmann i partiet sentralt.

Sogn og Fjordane høyrer til same rovviltregion som Hordaland, Rogaland og Vest-Agder. Til no har sekretariatet for dette vore i Stavanger, men i samband med at sekretæren no går over i ei anna stilling, har ein også fått endra base for arbeidet. No blir det Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sitt ansvar, noko Lødemel trur vil fungere godt.

– Dei har god kunnskap om rovviltproblema og utfordringane. Eg er veldig glad for at vi har fått dette til.

Trur også beitenæringa er nøgde

Denne sommaren har bønder i Sogn og Fjordane søkt om rovdyrerstatning for 1700 sauer og lam. Det er tre gonger så mykje som i eit normalår. Både jerv og ulv har vore på ferde fleire stader i fylket gjennom sommaren, noko som har ført til store tap for mange sauebønder.

Ifølgje styresmaktene så skal det ikkje vere ynglande jerv eller andre rovdyr i rovviltregionen som Sogn og Fjordane høyrer til. Etter dei omfattande skadane og tapa på beitedyr denne sommaren har fleire teke til orde for at jervegrensa må flyttast lenger vekk frå fylket.

Lødemel håpar at også sauebøndene vil sjå positivt på den administrative endringa so er gjort i rovviltarbeidet no.

– Eg har ei kjensle av at dei også har tillit i beitenæringa i fylket, og eg er sikker på at dei vil gjere ein god jobb for å forvalte rovvilt på ein god måte, seier Lødemel.

Vegopning på Bergum i Førde kommune