Hopp til innhold

Sogn og Fjordane bør bli pilotfylke

- Sogn og Fjordane bør bli eit pilotfylke for ny organisering av helsevesenet, meiner helse- og sosialsjef i Gloppen kommune, Anni Felde.

Den røynde helsepolitikaren vil slå saman kommunehelsetenesta med sjukehusa og la staten ta over ansvaret.

- Eit samarbeid omkring legevaktordninga, vaktlag med ulike funksjonar som er på sjukehusa og rehabilitering kunne frigjort ressursar til arbeid på andre områder, som til dømes kreft og psykiatri.

- Det er så mykje vi ikkje er gode nok på, seier Anni Felde.  

- Vil møte motstand

- Eg er klar over at eg vil møte motstand, men eg trur nokon må tore å gjere eit forsøk, om vi skal kome oss vidare, seier ho.  

Tankane til det tidlegare styremedlemet i Helse Vest har vore tenkte før. I tida før 2002 då fylkeskommunen hadde ansvaret for sjukehusa, drøfta helsepolitikarane i fylket eit liknande forslag, men den gongen vann det ikkje fram. No meiner Felde tida er moden.

- Dersom dette skal bli noko av, må ein i fellesskap kunne fortelje staten kva vi er samla om, avsluttar ho.

Positiv til forslaget

Leiar for Kommunenes sentralforbund i Sogn og Fjordane, Knut O. Aarethun, helsar forslaget frå Anni Felde velkomen.

Knut O. Aarethun
Foto: NRK

- Dette er absolutt noko vi bør drøfte vidare. Vi skal ta dette med på helsekonferansen i september, nettopp for å prøve å få kommunane til å tenkje i dei banene, seier han.

Aarethun meiner det er viktig at ein finn modellar som kan fungere for både kommune- og spesialisthelsetenesta.