Hopp til innhold

Dei er øvst på symjestatistikken

FØRDE (NRK): Desse jentene er, saman med resten av sesjonsungdomen i Sogn og Fjordane, best i landet på symjing.

Tre tredjeklassingar og dyktige symjarar

DEI BIDREG TIL DEN GODE STATISTIKKEN: Avgangselevane ved Hafstad vidaregåande skule, Marte Vingsnes, Frida Stubhaug Gamlestøl og Malene Hetle Hole, fortel at dei ikkje har noko problem med å symje 200 meter. 200-meteren var ikkje noko meir enn oppvarminga i symjetimane deira på skulen.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

Sidan 2010 har både jenter og gutar i landet som kjem i tenestepliktig alder måtte møte på "sesjon del 1" og svare på ein del spørsmål om seg sjølve.

Blant spørsmåla som ungdomane svarar på, er om dei trur dei kan symje minst 200 meter. Tala syner at Sogn og Fjordane fylke ligg på topp i symjing dei siste tre åra.

– Alle kan symje

Dei tre avgangselevane som NRK har snakka med har alle vore til sesjon og sagt at dei kan symje.

– Når vi har hatt symjeundervising, har vi alltid pla varme opp med å symje 200 meter, før symjetimen verkeleg byrja. Og det klarte alle, seier Malene Hetle Hole.

På spørsmål om kvifor Sogn og Fjordane gong på gong toppar sesjonen si liste over symjedugande ungdomar i landet, trur jentene at det finst fleire forklaringar:

– Det er mange fjordar i fylket. Og vi har fine strender langs kysten, til dømes Grotlesanden. Der skil Sogn og Fjordane seg frå mange austlandsfylke, der fleire bur lenger inn i landet, vekk frå sjøen, seier Frida Stubhaug Gamlestøl.

– Og lenger nord i landet har dei ikkje høvelege temperaturar for symjing til stades, legg ho til.

Marte Vingsnes lurar på om det også kan vere litt ekstra symjeinteresse i Sogn og Fjordane:

– Vi har gode symjeklubbar på stader som Førde, Nordfjordeid, Sandane og Sogndal, der somme byrjar med babysymjing og tek det vidare derifrå, seier ho.

Men somme lærer seg å symje i elv, sjø og vatn:

– Det var i elva ved Viksdalen at eg fyrst lærte meg å symje, om sumrane med mormor, seier Hetle Hole.

– Trur tala lyg

Det er berre i trivselsfylket at over 90 % av sesjonsungdomen kvart år svarar at dei kan symje lenger enn 200 meter. Verst ut kjem Oslo, som jamt over har 75 % symjekunnige.

Øystein Erland, symjetrenar i Førde IL, trur at symjestatistikken for Sogn og Fjordane so vel som for resten av landet kan lyge litt:

Øystein Erland

OVERRASKA: – Vi er eit fylke med kald sjø, jamført med på Austlandet og på Sørlandet, og vi er eit fylke med låg bassengtettleik. Det er overraskande at vi skal liggje framom resten av landet i symjing, seier Øystein Erland.

– Når ein svarar på spørsmål om ein kan symje 200 meter, so ser ein gjerne føre seg å symje 200 meter i basseng. Å symje 200 meter i kald sjø vert noko anna. Då har ein ikkje botnen å kvile foten mot, eller bassengveggene. Og i det fri verkar det ikkje som ein glid like raskt framover i vatnet, seier han.

Erland trur at mange av dei som enkelt sym 200 meter i basseng, ville hatt problem med å symje like langt mellom to holmar i ein sjø, tll dømes.