Hopp til innhold

Sogn og Fjordane Ap vil ikkje flagge nestleiar

Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil ikkje opent støtte nokon av nabofylka sine nestleiarkandidatar. I staden peikar dei på ein trønder.

Hilmar Høl

VALETS KVAL: Fylkesleiar Hilmar Høl og resten av Sogn og Fjordane Ap ventar med å flagge kven dei støttar som nestleiar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Sogn og Fjordane har ikkje spelt inn nestleiarar denne gongen. Det vi kan seie er at vi ønskjer at Trond Giske får ein plass i partileiinga, seier fylkesleiar Hilmar Høl.

Trond Giske

STØTTE: Sogn og Fjordane vil gjerne ha Trond Giske frå Sør-Trøndelag inn i toppleiinga i Arbeidarpartiet.

Foto: Gorm Kallestad

Då det var spørsmål om kven som skulle ta over som partileiar etter Jens Stoltenberg i fjor haust, meinte fylkestoppane at Trond Giske burde gjere det.

Nabofylka Møre og Romsdal og Hordaland har spelt inn kvar sine nestleiarkandidatar. De vil ikkje støtte ein av dei?

Jo, det ville nok vere støtte til begge, om det hadde vore plass til begge. Men det veit ikkje vi. No må vi sjå kva forslag som kjem frå valkomiteen.

Fleire kandidatar

Tre vestlandskvinner er med i nestleiarkampen. Hordaland vil ha sin eigen stortingsrepresentant Jette Christensen som nestleiar. Møre og Romsdal har spelt inn sin stortingsrepresentant Else-May Botten. Medan Rogaland støttar utflytta rogalending Hadia Tajik, som er stortingsrepresentant for Oslo.

Else-May Botten, Jette Christensen, Hadia Tajik

KANDIDATAR: F.v. Else-May Botten frå Møre og Romsdal, Jette Christensen frå Hordaland og Hadia Tajik frå Rogaland er blant toppkandidatane til nestleiarvervet i Arbeidarpartiet.

Foto: Montasje/Larsen / NTB scanpix/NRK

I partiet går det ein debatt om dei skal utvide partileiinga med ein ekstra nestleiar, slik dei fleste andre partia har.

Viss det kjem eit forslag om vedtektsendring slik at partiet skal ha to nestleiar, så kjem Sogn og Fjordane til å støtte det, seier Høl.

Vil inn i sentralstyret

Vi meiner også at Sogn og Fjordane bør få ein plass i sentralstyret. Det er nokre år sidan vi hadde det sist. Vi har føreslått ei kvinne og ein mann, alt etter kva plassar som blir ledige.

Fylket sine kandidatar er Hilmar Høl, sjølv, og fylkesnestleiar Solveig Willis frå Florø.

Kor sannsynleg er det at Sogn og Fjordane kan få ein plass i sentralstyret?

– Det er ein kabal med kjønn og geografi som skal gå opp. Men eg trur vi har ein rimeleg bra sjanse, seier fylkesleiar Hilmar Høl i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.