Hopp til innhold

AUF-jubel over vern av Lofoten

FØRDE (NRK): Partileiinga såg lamslått på salen. Fylkesårsmøtet støtta AUF og sa nei til all konsekvensutgreiing i Lofoten, Vesterålen og Senja.

AUF-arar jublar over vern av Lofoten på fylkesårsmøtet i Ap

TRIMUF: Ungdommen i AUF jubla av full hals og kasta seg om halsen på kvarandre, idet avrøystinga om Lofoten akkurat var vunnen. F.v. Paulina Sitarz, Egil Natvik Vestrheim, Henrik Thorsnes Lefdal, Katarina Rosø, Helene Skaar og Sandra Tenud.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Partileiinga snudde seg forvirra rundt.

Bakover i salen stod eit hav røystesetlar i lufta.

Industripartiet Sogn og Fjordane Ap var i ferd med å gå inn for å verne Lofoten, Vesterålen og Senja mot oljeaktivitet.

Vedtaket er eit varsku om kva som kan skje på landsmøtet i partiet.

Avrøysting på fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Ap

RAUDT HAV: Halve årsmøtet strekte dei raude røystesetlane i vêret under avrøysting. Teljekomiteen måtte i aksjon.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Nattaksjon nådde fram

Det kan verke som nattlege aksjonen frå ungdomspartiet AUF hadde hatt sin effekt.

Redaksjonsnemnda hadde lagt fram eit forslag som gjekk på å støtte kompromisset som den sentrale partileiinga har kome fram til.

Men ungdommane i AUF stod på sitt, og ville ha med seg partiet på å seie bastant nei til konsekvensutgreiinga av Lofoten, Vesterålen og Senja i den komande stortingsperioden.

Då saka kom til avrøysting var det mange overraska andlet som såg at over halve salen strekte hendene i vêret.

For partileiinga med, fylkesleiar Hilmar Høl i spissen, hadde argumentert sjølvsikkert for at dei skulle følgje den sentrale partilinja.

Ingrid Heggø, Ingvild Kjerkol og Hilmar Høl på fylkesårsmøte i Ap

OVERRASKA: Partileiinga kikka seg forvirra rundt då dei såg kvar det bar i avrøystinga. F.v. stortingsrepresentant Ingrid Heggø, sentralstyremedlem og stortingsrepresentant Ingvild Kjerkol og fylkesleiar Hilmar Høl.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fleire forsøk

Dei måtte faktisk gjere avrøystinga tre-fire gonger før forsamlinga greidde å ta resultatet inn over seg.

– Eg veit det er tidleg søndag morgon, men eg håpar årsmøtet greier å forstå kva de er i ferd å gjere, vart det sagt frå dirigentbordet før dei røysta nok ein gong.

Til slutt kunne dei kunngjere at AUF sin resolusjon hadde fått 57 røyster, mot 51 røyster til redaksjonsnemnda sitt forslag.

Nedstemt Hilmar Høl

NEDSTEMT: Fylkesleiar Hilmar Høl trudde knapt sine eigne auge.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Skjelven og slått

Fylkesleiar Hilmar Høl var skjelven i knea etter vedtaket.

– Eg må innrømme at eg ikkje er noko særskild glad for at det skjedde. Samstundes har eg fått meg ein leksjon i praktisk politikk frå AUF.

– Eg har nok aldri vore så nervøs over ei sak nokosinne. Vi har vore bestemte i ei årrekkje på at vi ville ha full konsekvensutgreiing. No tilbydde vi eit godt kompromiss ved å seie at vi berre konsekvensutgreier Nordland 6.

– Det skal AUF jaggu ha: dei står på til den bitre slutt. Dei jobbar, bokstaveleg tala, dag og natt. Eg ser fram til at dei skal bruke den energien på å kjempe meg inn på tinget.

Landsmøtet, neste

Henrik Thorsnes Lefdal

STOLT: Fylkesleiar Henrik Thorsnes Lefdal i AUF Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesleiar Henrik Thorsnes Lefdal i AUF Sogn og Fjordane kunne smile frå øyre til øyre.

– Eg er veldig stolt over det vi har fått til. Det er ikkje berre ein siger for oss. Det er ein siger for dei seks kommunane i Lofoten som har sagt nei. Og ein siger for miljøet.

Saka skal opp på landsmøtet 20. – 23. april i Oslo.

– No står Sogn og Fjordane Ap fram som eit seriøst miljøparti som tek global oppvarming på alvor.

– Kva vil dette få å seie på landsmøtet?

– Eg håpar det vil gå vår veg. Det trur eg det vil gjere, seier AUF-leiaren.