NRK Meny
Normal

Sogn er vekstvinnar i norsk reiseliv – neste år kan bli endå betre

Reiselivet i Sogn opplevde rekordvekst i 2015, med mellom anna 17 prosent fleire overnattingar enn året før. Neste år står nye tilbod klare til å freiste endå fleire tilreisande.

Asiatiske turistar

EVENTYRLEG VEKST: Asiatiske turistar, som her i Flåm, står for den største auken, i det som har vore eit rekordår for reiselivet i Sogn.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Reiselivet går så det susar over heile landet. I Sogn har dei ikkje opplevd tilsvarande vekst som i år.

– Det har vore eit utruleg bra år. Me har hatt rundt 17 prosent vekst i talet overnattingar. Det som òg er gledeleg er at me har hatt 20 prosent vekst i gjennomsnittsprisane på hotella. Så det har vore eit godt vekstår for næringa, seier Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord.

Ståle Brandshaug

NØGD REISELIVSSJEF: Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord kan sjå tilbake på eit år han aldri har opplevd makan til i reiselivet.

Foto: Halvor Farsund Storvik

Veksten held truleg fram neste år

– Me er ein av vekstvinnarane i norsk reiseliv akkurat no. Det er andre som òg har hatt eit godt år, dei fleste har merka veksten på Vestlandet. Men me tek fleire marknadsandelar, seier han.

Reiselivsdirektøren nemner tre grunnar til auken:

  • Dei landa som sender flest turistar til Sogn har fått ein meir stabil økonomi, noko som gjer at folk kan reise meir enn før.
  • God marknadsføring av Sognefjorden over fleire år.
  • Ein svak kronekurs gjer det billigare for utlendingar å feriere i Norge.

– Kronekursen trur eg har hatt mest å seia på slutten av sesongen i år og vil nok slå enno kraftigare ut i 2016, seier Brandshaug.

At veksten truleg held fram er Kviknes hotell i Balestrand eit godt døme på.

– Vi skal gå ganske langt tilbake for å i det heile tatt finne noko liknande, seier hotelldirektør Sigurd Kvikne.

Fleire nye tilbod står klare

Det han siktar til er bookinglistene for neste sommar.

Sigurd Kvikne

MÅ SEIE NEI: Etter ein sterk sesong for Kviknes hotell i Balestrand, har bookinglistene for neste sommar allereie byrja å fylle seg opp.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Det byrjar å bli fullt allereie i store delar av sommarsesongen. Vi har ventelister og seier diverre nei til mange, som vi rett og slett ikkje har plass til, seier Kvikne.

Ein annan grunn til optimisme er dei mange nye tilboda som dukkar opp til neste år. Reiselivsdirektør Brandshaug nemner i fleng (sjå faktaboks) og meiner fornying er viktig for å halde oppe interessa for regionen.

– Dei mange gode prosjekta gjer at me kjem til å vera enno meir freistande framover, seier Brandshaug.

Trur på nye rekordar

Den største nysatsinga har fått namnet Seasight og er ein delvis batteridriven passasjerbåt, som frå neste sommar vil frakte turistar lydlaust på Nærøyfjorden i Aurland. Ordførar Noralv Distad trur båten kan verte eit viktig tillegg til det som i dag er den store turistmagneten, Flåmsbana.

– Det er første gongen det er laga eit spesialbygd fartøy for å gå mellom Flåm og Gudvangen. Det er òg meir miljøvennleg framdrift på det. Interessa for å reise på fjordane trur eg berre vil auke inn i neste år, seier han.

Saman med dei nye tilboda, gjer ein framleis svak kronekurs at reiselivsdirektør Brandshaug trur på nye rekordar til neste år.

– Alle teikn tyder på at vi kjem til å ha minst like stor vekst som det vi opplevde i 2015, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå