NRK Meny
Normal

Sogn Avis: Hovland blir truleg Sogndal-spelar igjen

Klubblause Even Hovland blir igjen Sogndal-spelar. Sogndal fotball har kalla inn til pressekonferanse i ettermiddag.

Even Hovland

TIL SOGNDAL: Even Hovland blir truleg i ettermiddag presentert som Sogndal-spelar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sogn Avis melder no at nyheita som skal sleppast frå klubben i ettermiddag er at Even Hovland frå Vadheim har skrive kontrakt med Sogndal.

Etter det NRK kjenner til har Hovland no bestemt seg for å bli verande i Sogndal og halde fram karrieren i klubben som i si tid løfta han fram som elitespelar.

Hovland fekk ikkje forlenga kontrakten med den tyske klubben Nürnberg, og det har dei siste vekene vore spekulert mykje i kvar han skulle halde fram karriera si. På fleire fotballforum har det mellom anna vore omtala ein mogleg overgang til britisk fotball.

Hovland har den siste tida vore ute av landslaget, noko han sjølv ikkje var overraska over sidan han ikkje hadde nokon klubb å spele for.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.