– Det har vore heilt rått. Alt har gått på skinner, vi har vore heldige med vêret og alt har rett og slett klaffa, seier Moen.
13 ulike turnklubbar var samla, og turnarane var ifrå 6 år og opp til 18. Målet med helga var ikkje å konkurrere, men å vise seg fram og la seg inspirere av kvarandre.
Moen seier at litt av poenget med det store aldersspennet er at dei yngste utøvarane skal få eit høve til å drive med turn side om side med dei eldre deltakarane.
– Det er ikkje ein konkurranse, så alle får medalje for å ha vore med. Det viktige her er at folk har det kjekt, og at vi får med både dei yngste, og dei litt eldre.
– Turn er adrenalin
Sjølv har stevnesjefen drive med turn i ti år, og ho seier det er ein lidenskap
– Å drive med turn er adrenalin. Ein får eit skikkeleg kick ut av det, og det er nok difor eg har drive på med det så lenge.
Turnstemnet er eit årleg arrangement, og det går på rundgong mellom klubbane i fylket kven som arrangerer det. I år er det altså Jotun Idrettslag i Årdal som har stått for stemnet. Moen seier at tribunane i industristaden stort sett har vore fullstappa gjennom helga.
Bra oppmøte
– Vi er veldig godt nøgde med oppmøtet. Stemninga har vore heilt på topp. Eg har ikkje nøyaktige tal på kor mange vi har hatt innom, men det har stort sett vore heilt fullt.
Stort ansvar
Å vere sjefen for eit arrangement med tusen deltakarar og tre hundre frivillige dugnadsarbeidarar er mykje ansvar. men også veldig kjekt, seier Moen.
– Heile bygda er jo samla her, og det er eigentleg eit veldig stort arrangement. Mykje skal koordinerast, og eg har hatt ansvaret for ein god del av koordineringa åleine. Det er klart det er mykje arbeid.