Sofie samla tusen turnarar

ÅRDAL (NRK): I helga var eit tusen unge turnarar ifrå heile fylket samla i Årdalshallen i Øvre Årdal for å syne kva dei kan. Sofie Moen (20) i Jotun turn var sjefen for det heile

Sofie

Sjefen: Sofie Moen var sjefen for turnstevnet i helga

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det har vore heilt rått. Alt har gått på skinner, vi har vore heldige med vêret og alt har rett og slett klaffa, seier Moen.

13 ulike turnklubbar var samla, og turnarane var ifrå 6 år og opp til 18. Målet med helga var ikkje å konkurrere, men å vise seg fram og la seg inspirere av kvarandre.

Moen seier at litt av poenget med det store aldersspennet er at dei yngste utøvarane skal få eit høve til å drive med turn side om side med dei eldre deltakarane.

Gå til forsiden

Turnstemne i Årdal

Spenteturnarar

Turnstemne i Årdal

9 bilder

    – Det er ikkje ein konkurranse, så alle får medalje for å ha vore med. Det viktige her er at folk har det kjekt, og at vi får med både dei yngste, og dei litt eldre.

    – Turn er adrenalin

    Sjølv har stevnesjefen drive med turn i ti år, og ho seier det er ein lidenskap

    – Å drive med turn er adrenalin. Ein får eit skikkeleg kick ut av det, og det er nok difor eg har drive på med det så lenge.

    gitter

    FULLSTAPPA: Årdalshallen var fullstappa i helga

    Foto: Aleksander Åsnes / NRK

    Turnstemnet er eit årleg arrangement, og det går på rundgong mellom klubbane i fylket kven som arrangerer det. I år er det altså Jotun Idrettslag i Årdal som har stått for stemnet. Moen seier at tribunane i industristaden stort sett har vore fullstappa gjennom helga.

    Bra oppmøte

    – Vi er veldig godt nøgde med oppmøtet. Stemninga har vore heilt på topp. Eg har ikkje nøyaktige tal på kor mange vi har hatt innom, men det har stort sett vore heilt fullt.

    madrass

    MJUK LANDING: Madrassar er viktige for ein mjuk og god landing

    Foto: Aleksander Åsnes / NRK

    Stort ansvar

    Å vere sjefen for eit arrangement med tusen deltakarar og tre hundre frivillige dugnadsarbeidarar er mykje ansvar. men også veldig kjekt, seier Moen.

    – Heile bygda er jo samla her, og det er eigentleg eit veldig stort arrangement. Mykje skal koordinerast, og eg har hatt ansvaret for ein god del av koordineringa åleine. Det er klart det er mykje arbeid.

    tilskodarar

    SPENTE: tilskodarane følgjer spent med

    Foto: Aleksander Åsnes / NRK
    Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
    Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
    Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.