Hopp til innhold

Sofia frå Chile: – Det er for lite nynorsk i Noreg

Noko av det første chilenske Sofia Tampier (17) gjorde då ho flytta til Noreg som utvekslingselev, var å læra seg nynorsk og melda seg inn i Målungdomen.

Noko av det første chilenske Sofia Tampier (17) gjorde då ho flytta til Noreg som utvekslingselev, var å melda seg inn i Målungdomen.

NYNORSK-CHILENAR: Sofia Tamper (17) er frå Chile, men engasjert i nynorsk-saka.

– Det er for lite nynorsk i Noreg. Eg ser bokmål overalt, i bøker, aviser og på TV. Det burde vere meir nynorsk.

Det seier Sofia Tampier. Ho er 17 år gamal og kjem frå Chile. For eit år sidan flytta ho til Noreg. Noko av det første ho gjorde var å melde seg inn i Norsk Målungdom.

– Det er viktig å ta vare på nynorsken, fordi det er eit lite språk, meiner ho.

Meiner bokmål er meir dansk

Tampier kjem frå byen Valdivia i Chile. Ho flytta til Noreg for å vere utvekslingselev på Sogndal vidaregåande skule. Ein av grunnane til at ho melde seg inn i Norsk Målungdom var for å få nye vener.

– Eg ville lære meir om nynorsk og vere sosial. Eg syntest nynorsk var spennande for det er ein del av den norske identiteten, medan bokmål er meir som dansk, seier ho.

Sofia Tampier

STØDIG PÅ NYNORSK: Tampier syntest ikkje det var vanskeleg å lære seg nynorsk. – Det er ingen grunn til å ikkje like nynorsk, seier ho.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Etter å ha budd i Noreg i fire månader, følte ho at ho meistra språket.

– Då kjente eg at eg kunne uttrykke meg på norsk. Eg tykkjer ikkje at nynorsk er vanskelegare enn bokmål. Ein må berre ha lyst til å lære det, forklarar Tampier.

Mange sympatiserer med nynorsken

– Det er jo spennande at folk som kjem frå utlandet interesserer seg for den norske språksituasjonen. Kanskje ho, som kjem frå eit anna land og ser det utanfrå, sympatiserer med den mindretalsposisjonen nynorsken er i, seier leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope.

Norsk Målungdom har fleire utanlandske medlemmar. Akkurat kor mange medlemmar som Tampier dei har, veit han ikkje.

– Vi blir av og til kontakta av folk frå utlandet. Dei vil vite meir om nynorsk eller melde seg inn. Ofte kjem dei får eit land der det finst parallellar til språksituasjonen i Noreg, seier han.

Vil formidle nynorsk i Chile

Tampier har akkurat fullført utvekslingsåret i Noreg. Når ho no set kursen mot heimlandet, tek ho nynorsken med seg.

– Eg har tenkt at eg kan lære vekk litt nynorsk heime og kanskje starte ein nynorskskule.

– Trur du det er interesse for det i Chile?

– Nei, kanskje ikkje, ler 17-åringen.