Hopp til innhold

Snuste seg fram til at noko var muffens - no er kvinna mistenkt for promillekøyring

Kvinna i 20-åra hevda ho hadde køyrt bilen tom for drivstoff på riksveg 5 i Eikefjorden mellom Florø og Førde. Men då politiet lukta nærare på kvinna, fatta dei mistanke.

Eikefjorden

– Patruljen var ute og køyrde, og kom over ein bil som stod i ro på vegen. Dyktige politifolk snuste seg fram til at ikkje alt var som det skulle, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjetil Drange.

Kvinna i er no mistenkt for å ha køyrt bil i rusa tilstand.

– Ho vert teken med til lege for blodprøvetaking, seier Drange.