Snuoperasjon i Askvoll

Askvoll kommune står betre økonomisk rusta no enn på fleire år. Det seier rådmann Håkon Loftheim til Firda. Etter å ha slite med underskot, vart kommunen for eitt år sidan meldt ut av den såkalla Robek-lista. Rådmannen seier det har vore jobba godt for å snu situasjonen over fleire år og seier auka inntekter og streng budsjettstyring gir resultat.

Askvoll rådhus
Foto: Gunnhild Årdal / NRK