NRK Meny
Normal

Snudde minustal til pluss i fjor

Konsernet Ervik Havfiske gjekk frå minus til pluss i fjor.

Ervik Havfiske sitt anlegg på Otnheim

GODT ÅR: Ervik Havfiske gjorde minustal i 2010 til plusstale i 2011.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Resultatet vart snudd frå raude 20,3 millionar i 2010 til 9,5 millionar kroner i pluss 2011, skriv Fiskaren.

– 2011 vart ikkje betre enn det må vere, seier dagleg leiar Geir Solvåg til FiskeribladetFiskaren.

Store kvotar og gode prisar

Ervik Havfiske er konglomerat av selskap, med mange tilknytt selskapa i tillegg. Konsernet har eigardel i sju båtar. Hovudfisket er linefiske etter torsk, lange, hyse og brosme.

Omsetnaden auka med 8,7 prosent til 327,5 millionar kroner. Driftsresultatet auka frå fem millionar kroner til 26,7 millionar kroner, skriv avisa.

Styreleiar Rolf Domstein vedgår at fjoråret var godt med store kvotar og gode prisar.

– Fjoråret var eit godt år i høve til store fiskekvotar og brukbare prisar. Vi er sjølvsagt nøgde med resultatutviklinga, seier han til NRK.no.

Små marginar

Ifølgje avisa har Ervik Havfiske ein eigenkapital på 57 millionar kroner. Domstein ser lyst på framtida.

– Framleis er jo kvotane høge, slik at det er høg aktivitet i reiarlaget. Men oljeprisane og eit visst press på fiskeprisane gjer at vi jobbar med relativt små marginar. Men vi reknar med at det i år kjem til å vere ei relativt stabil resultatutvikling, seier han og fortel at linefiske er ei krevjande verksemd som krev store ressursar.

Betre utnytting

– Kva må til for å betre tala endå meir framover?

– Det som då naturleg nok er viktig er å oppnå gode prisar på fisken. Det har svinga frå år til år. Ein annan ting som er viktig er å få utnytta båtane og no er det på gang ein prosess der vi reknar med å få fiske fleire kvotar per båt og det vil bety betre kapasitetsutnytting og betre økonomi.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast