Hopp til innhold

Snudde med pasient

I januar snudde ambulansen i Høyanger og køyrde tilbake ein pasient som var på veg til Sentralsjukehuset i Førde. Pasienten vart frakta tilbake til heimen sin med melding om å vente på neste ambulanse, skriv Sogn Avis. Årsaka var at sjukebilen måtte prioritere ein pasient frå Balestrand. I over eit halvt år har Balestrand vore utan ambulanse, og når nokon i kommunen blir sjuke må sjukebilen kome frå Høyanger. Helse Førde seier slike konflikter sjeldan skjer. Fylkeslegen har tidlegare konkludert med at ordninga er forsvarleg.