Snøtunge greiner skaper trafikkfarlege situasjonar

All snøen som er kommen det siste døgnet fører til at fleire tre og greiner heng langt inn i vegbana.

Snøtunge tre

TRAFIKKFARLEG: Tre fulle av snø er eit problem langs E39.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Vegtrafikksentralen opplyser at dei har fått mange meldingar om at det heng tre fulle av snø og is inn i vegbana langs E39.

I natt har også entreprenør vore tilkalla for å få fjerna eit tre som låg inn i vegbana på E39 mellom Moskog og Eikås i Jølster.

På vegane er riksveg 13 over Vikafjellet stengt på grunn av fare for ras. Fylkesveg 50 Hol–Aurland er stengt på grunn av uvêr.

Tre som heng inn i vegbana

SMELL I BILANE: Tunge greiner med snø og is smell kraftig i bilane og gjere materielle skader.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.