– Vi skjøner ikkje kvifor vegvesenet ikkje kunne opne vegen i dag, seier Svein Tufte.
Tufte skulle i dag ut av bygda Bakka og til Aurland, men så langt kom han ikkje. Innbyggjarane i Bakka er no isolert.
– Vi er jo vande med å vere det. Her på vestlandet er det mange rasutsette vegar, men det er ikkje alltid vi forstår vurderingane til vegvesenet. Det hadde ikkje tatt lang tid å rydde opp i dette.
Vegtrafikksentralen i Bergen grunngjev stenginga med fare for fleire skred.
– Det rasar framleis i området og det er betydeleg snøskredfare. Difor vert det ikkje rydda i dag. Ny vurdering vert tatt måndag klokka 12, seier trafikkoperatør Ken Ove Holm.
– Vi må sikre dette området
Sjøvegen er einaste alternativ til å kome seg ut frå bygda, men det er enno ikkje tatt ei avgjerd på om det vert sett inn skyssbåt. I byda bur det rett i overkant av ti personar. Fleire har vore på helgebesøk i Bakka, og kjem seg ikkje heim att.
– Vegvesenet har jo sine kriterium. Liv og helse skal ein ha respekt for, men i dette tilfellet forstår vi det ikkje.
Bygdefolket i Bakka er vande med ras. Dei etterlyser fortgang i planane om rassikring.
– Vi må sikre dette området. Med ein røyrtunnelen så ville dette raspunktet vore vekke.
- Les også:
- Les også: