NRK Meny
Normal

Snøskred på fylkesveg 152 i Balestrand

Det har gått eit stort snøskred mellom Menes og Ulvestad på fylkesveg 152 i Balestrand. Skredet dekker heile vegbana og vegen vert ikkje opna før tidlegast torsdag morgon.

Ras, fylkesveg 152, Balestrand

STENGT: Store mengder snø har lagt seg i vegbana.

Foto: Arnstein Menes

– Vi veit ikkje heilt kort stort raset er endå, men entreprenør er på veg for å rydde opp, seier Marianne Hove ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Det var like før klokka sju at dei fekk meldingar om at eit stort snøskred sperra vegen. Raset har gått på ein stad der det ofte har gjort det før.

– Ja, det er eit raspunkt vi er godt kjent med, seier Arnstein Menes, som bur i området.

Han var på veg til arbeid då han trefte på raset vel to kilometer frå garden sin, og måtte snu for å køyre heim att.

– Det var så mørkt at eg ikkje fekk sjå skikkeleg på raset, men frå erfaring veit eg at det sannsynlegvis er ganske stort. Det dekker nok heile vegbana, og er sikkert i alle fall 30–40 meter breitt, seier Menes.

Den aktuelle vegen er ikkje veldig trafikkert. Vegvesenet kan ikkje seie noko om kor tid han vil opne opp att, men at det vil bli gjort ei ny vurdering i morgon klokka 10.

Opna att i Vik

Også på fylkesveg 92 ved Snøgjelet, mellom Nese og Vik vart stengt av snøras onsdag morgon, men klokka 12.30 vart vegen opna att.

Laster kart, vennligst vent...