Hopp til innhold

Ingen tekne i snøskredet på Filefjell

Ingen personar vart tekne av snøskredet på Filefjell i ettermiddag. – Aksjonen er avslutta, opplyser Vestoppland politidistrikt.

Nystuen hotel

Raset like vest for Tyinkrysset vart meldt like før klokka 16 søndag.

Filefjell har mange populære turområde, og det er mange hytter og leiligheiter i området.

Eit redningshelikopter gjekk over skredet, og Andreas Bull ved Hovudredningssentralen på Sola opplyste på eit tidleg tidsdpunkt at det var lite som tydde på at det var folk i skredet.

– Det er skispor i nærleiken, men ikkje i direkte tilknyting til skredet. Skispora går på oversida av skredet, men vi søkjer gjennom for å få verifisert at det ikkje er folk der, sa han.

Skredet var kring 10x100 meter, og så pass lite at redningshelikopteret hadde problem med å lokalisere det.

HRS vurderte også å kalle ut lavinehundar til å søke gjennom skredet.

– Men det viste seg at det allereie var hundar på øving, berre eit kvarter frå skredet. Dei var framme på kort tid, sa Bull.

I tillegg til lavinehundar og redningshelikopter, reiste luftambulanse, Røde Kors-mannskap og skredgruppe til staden.

– Skredet har gått i eit lett tilgjengeleg, men bratt område, 500-600 meters luftlinje frå Nystuen hotell, opplyste operasjonsleiar Marianne Brun ved Vestoppland politidistrikt.