NRK Meny
Normal

Snøskred knuste ruta til familien Solheim

Då Johnny Einar Solheim skulle køyre dottera Karoline til folkehøgskulen i dag tidleg fekk dei begge seg ein støkk.

Snøfonn i Våtedalen

KVITT: Bilen vart brått fylt av snø då to vindauge blei knust av ei snøfonn.

Foto: KAROLINE SOLHEIM

I dei tidlege morgontimane er Karoline Solheim og faren Johnny Einar Solheim på veg gjennom Våtedalen. Ute er det mørkt. Kort tid etter at dei har kryssa ei bru blir bilen brått treft av eit snøskred.

– Vi såg ein kvit vegg som kom nedover fjellsida på venstresida. Først tenkte eg at vi skulle kome oss klar, men snøen kom så fort at eg berre måtte stogge bilen. Vi mista sikta og bilen rista, fortel Johnny Einar Solheim.

Kneip seg fast

Krafta frå snøskredet må ha vore ganske bra for bakruta blei knust på førarsida og mykje snø kom inn i bilen. Til slutt sat dei to der omgitt av snø.

Kva sa de til kvarandre då?

Eg trur ikkje det vart sagt så mykje. Vi hadde nok med å knipe oss fast og håpe at alt skulle gå bra, fortel Solheim.

Snøfonn i Våtedalen

HELDIG: To vindauge blei knust. Men dei vindauga som det sat folk bak heldt stand då snøfonna trefte bilen.

Foto: KAROLINE SOLHEIM

Glad det gjekk bra

Solheim fortel at han i etterkant har tenkt at dei har vore heldige.

– Ein veit aldri kva som fyk i lufta. Så i etterkant har eg tenkt litt på korleis det kunne ha gått, seier Solheim.

Han fortel at to vindauge vart knuste og at lakken på bilen har fått skadar fleire stadar.

– Eg er glad det ikkje var ruta mi som for. Då kunne det nok gått litt verre, seier han.

Både far og dotter er like heile, men ber folk vere obs når dei køyrer i Våtedalen eller andre stadar der det kan kome snøskred.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.