Snøskred i Jotunheimen

150 meter breitt snøskred ved Kalven i Jotunheimen.

snøskred

STORT: Skredet som gjekk ved Kalen i Jotunheimen var 150 meter breitt og 300 meter langt.

Foto: Norsk Luftambulanse

Politiet blei varsla om skredet av ein skigåar like etter klokka 14 laurdag.

Ingen personar blei skada i skredet som gjekk på fylkesgrensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane ved fjellet Kalven.

300 meter

Skredet var kring 150 meter breitt og 300 meter langt.

– Det var berre flaks at ingen blei tekne i skredet, seier Haagen Løvset, operasjonsleiar i Gudbrandsdal politidistrikt.

Skiløparen som varsla politiet om skredet hadde sett ein annan skiløpar lengre oppe, like ved der skredet gjekk, ifølgje politiet.

– Hadde flaks

Luftambulansen rykka ut til staden og gjorde elektroniske søk i skredet, utan hell.

– Vi blei seinare kontakta av skiløparen som hadde vore i nærleiken av snøskredet, han har vore heldig og var komen seg i tryggleik seier Løvset.