Hopp til innhold

Snøras stenger veg

På fylkesveg 614 mellom Svelgen og Grov gjekk det snøras søndag kveld. Vegen er stengt for all ferdsel.

- Det har gått eit snøras på vegen mellom Grov og Svelgen og dermed er det ikkje mogleg å køyre der no, seier Arne Stadheim på vegtrafikksentralen i Lærdal.

Det er ved Magnhildskaret at raset har velta over fylkesveg 614.

Vegvesenet har folk på veg ut til rasstaden for å undersøkje omfanget av raset.

- Vegen vert ikkje opna att før tidlegast måndag morgon, seier Stadheim til NRK rundt halv ti søndag kveld.

Etter det NRK kjenner til var det ein person som opplevde raset på nært hald. Han har søkte tilflukt i tunnelen like ved rasstaden, men skal no vere teken hand om av folk på staden.