Raset var tre meter breitt og gjekk opp til autovernet. Vegtrafikksentralen opplyser at ingen er tatt av raset. Vegen vart stengd i om lag ein time, men er no opna att.
På same strekning, tre kilometer frå Sogndal sentrum stod eit vogntog fast. Vogntoget er no berga og vegen er opna for fri ferdsel.
Snø og vind har skapt problem på vegane fleire stadar i landet måndag.