Hopp til innhold

Snømangel stoppar storarrangement

Ein krevjande vinter med svært lite snø gjer at Jølster Alpin må seie frå seg både FIS-renna og junior-NM.

Jølster skisenter 25.02.14

HER BLIR DET IKKJE RENN: Jølster Skisenter blir ikkje arena for FIS-renna og junior-NM.

Foto: Jølster Skisenter / Webkamera

Renna skulle vore arrangert neste helg i Jølster Skisenter, med kring 150 deltakarar frå seks-sju nasjonar på startstreken.

Rennleiar Atle Hamar seier det var ei tung avgjerd å ta.

– Vi har arrangert FIS-renn sidan 2010 og junior-NM ein gang før. Vi er erfarne på dette og har budd oss godt, men vinteren i heile Sør-Norge og spesielt på Vestlandet og i vårt fylket har gjort det krevjande å drifte alpinanlegga, seier han.

Følgjer regelverket

Atle Hamar

TRIST: Atle Hamar tykkjer det er synd at Jølster for andre gang sidan 2010 må flytte eit FIS-renn frå Jølster skisenter til Voss.

Foto: Rune Fossum / NRK

I dag vende Hamar seg til Voss Alpin med spørsmål om dei kan ta over arrangementet. Det same gjorde dei også i 2014.

– Er vi usikre på forholda, så seier reglane at vi må varsle ti dagar på førehand. Det er vi, for det er vanskeleg å sjå på prognosane om vi får lang nok trasé til å køyre FIS-renn, seier han.

I den nedste delen av senteret, der alle FIS-renn har vore arrangerte, er det minimalt med snø. Den øvste delen av skisenteret, Kvamsbakken, er berre delvis open.

Må til Voss

Avlysinga betyr at både skisenteret, alpingruppa og lokalt næringsliv går glipp av litt ekstra inntekter.

Det betyr også at lokale alpintalent som Andrine Mårstøl, Andreas Strand og Åge Solheim ikkje får kjempe om edelt metall i heimlege trakter under junior-NM. Sistnemnde vann FIS-rennet på Jølster for to år sidan.

– Renn på Voss blir det, og truleg blir det avvikla eit slalåmrenn som junior-NM, seier Hamar.

Tilbake neste år

Det er heller ikkje andre skisenter i fylket som stettar krava til å kunne gjennomføre FIS-renn.

Hamar fryktar ikkje at rennet svekker Jølster skisenter sitt kandidatur til FIS-renn neste sesong.

– Skiforbundet har gjeve oss god tilbakemelding på at vi er ansvarlege og tenkjer på sporten og utøvarane først, og at vi er garanterte å ligge inn på terminlista for FIS-renn neste år, avsluttar han.