Hopp til innhold

Snøkaos, vind og glatte vegar skapte trafikktrøbbel

Vintervêret har skapt trøblete føre over heile Vestlandet i dag. Men no skal forholda betre seg.

Bilberging Luster/Skjolden

BERGING: Onsdag kveld måtte fleire vogntog få hjelp av bergingsbil. Her er eit av dei i Skjolden.

Foto: Tage Moen

På E16 mellom Lærdalsøyri og Seltun har fleire vogntog og personbilar sklidd ut i grøfta i løpet av onsdag.

– Vegen er blank som ein spegel. Eg prøvde bremsen og det er rett og slett såpeglatt, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

– Best å halde seg heime

På køyreturen så han fleire bilar i grøfta, og vogntog som stod og la på kjetting.

– Det beste er å halde seg heime i kveld, seier han.

Bilbergar Anders Frydelund har hatt litt å henge fingrane i Lærdal onsdag kveld.

– Det har vore mykje, men det har heldigvis gått bra med dei som har køyrt utfor. Og no byrjar det å roe seg litt ned, fortel han.

Skal bli betre

Vegtrafikksentralen i Lærdal seier dei har hatt mykje problem på vegane i dag, sjølv om dei har brøyta, salta og strødd i heile dag.

– Det er vanskelege køyreforhold over heile vestlandet. Det har vore ein del problem og vi har fått mange telefonar frå folk, seier trafikkoperatør Roger Nedreberge Hille.

Han seier det no skal bli betre forhold ute på vegane.

– Nedbøren har slutta, så no er det berre å få vegane tilbake til normalen. Det skal bli betre utover kvelden.

Trailer mot Fjærlandstunellen

STOD FAST: Ein trailer hadde køyrt seg fast i bakken opp mot Fjærlandstunellen.

Foto: NRK-tipsar