Hopp til innhold

Snøfall og stengde vegar i morgontimane

I Jølster ramla eit tre ned og tok med seg ein straumledning i det første snøfallet.

Snø på Jølster

SNØ I VEGBANA: På Jølster har det komme omlag 10 cm med snø i løpet av natta.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Politiet opplyser at ein personbil køyrde inn i treet som ramla ned i vegbana, men ingen skal ha komme til skade. Treet har sklidd ned i vegbana på E39 på Eikås i Jølster.

På vegane er framleis E39/riksveg 15 ved Skredestranda i Eid stengt etter eit jordras fredag. Det blir tatt ny vurdering klokka 09 om vegen kan opne.

Fylkesveg 13 over Gaularfjell er stengt på grunn av uvêr.

Også fylkesveg 609 ved Hundsåna mellom Førde og Askvoll stengt på grunn av fare for steinsprang etter varsel om store nedbørsmengder. Her blir også gjort ny vurdering klokka 09.

I Gloppen er også fylkesveg 615 i Hyen stengt fredag. Det er uvisst kva tid vegen kan opne.

Anga

JORDFARGA: Meteorlogisk institutt varslar meir nedbør mot kvelden laurdag. Fredag jobba Anga i Førde hardt for å ta unna alt regnvatnet.

Foto: Oddleif Løset / NRK