Hopp til innhold

Snøen regnar vekk – men kva med julestemninga?

FØRDE (NRK): Når julestemninga står i fare for å bli skylt i stikkrennene saman med regnet, må ein leite etter henne andre stader.

Søkkvått juletre

VÅT JULEPYNT: Det dryp frå julelysa på grana i Førde sentrum.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

I adventstida er det mange som ynskjer seg snø og kulde, men det er lite som tydar på at dei får ynsket sitt oppfylt med det fyrste. Dei siste dagane har det regna og vore mildt, og folk går med regnklede og paraply i gatene.

Trur det var meir snø før

– Tåka heng ned i fjellet, og det er jo ikkje det heilt store i desember, seier Arnhild Folkestad Sygna.

Gul regnjakke og paraply

TRIST MED REGN: – Vi må gjerne lage julestemning sjølv, med musikk og levande lys inne. Det hjelper.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Ho var på veg til Elvetorget med eit fast grep om paraplyen då NRK stoppa henne tidlegare i dag.

– Ein knyter jo gjerne adventstida saman med snø og kulde. Eg tenkjer tilbake på då vi var små, og hugsar berre snø, seier ho.

Per Arve Otteren, som også var ute i dag, er einig.

Per Arvid Otteren

BETRE FØR: Per Arve Otteren meiner det var meir snø då han var liten.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Det var mykje betre før. Det er trist at det er så dårleg ver. Vi må jo ha snø i jula, seier han.

Tradisjonar er viktige for psyken

Psykolog Per Steinar Melås meiner at tradisjonar er viktige for å lokke fram julestemninga, men også for psyken generelt. Snø i desember er eit døme på noko folk opplever som tradisjon.

To personar med paraply

REGN: Det er ein mild og våt desember.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Julestemning er førebuing til noko som skal vere godt. Snø, julelys, handling og baking er viktig. Helst skal ein måke eit par gongar før julaftan også, seier han.

– Dei skaper tryggleik, fordi vi veit kva vi skal gjere. Og så er dei ofte assosiert til gode handlingar og opplevingar.

Kvifor hugsar ein gjerne at det «alltid» var snø i barndommen?

Regndam i Førde

INNSJØ: Små innsjøar formar seg på fortau og vegbanar.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Vi fokuserer ofte på det positive. Kanskje hugsar vi snøhaugane som større enn dei var – fordi vi var små, seier Melås.

Minna våre kan også vere farga av eitt spesielt tidspunkt, sjølv om vi opplever at dei omfattar lang tid.

– Det kan variere kva for tidsperiode i barndommen vi har sterke minne frå.

Må lage julestemning inne

Gerd Smaadal hadde også akkurat gjort unna litt av julehandelen då NRK møtte henne ved ei julepynta, søkkvåt gran i Førde i dag.

Person med paraply i desember

FOR TIDLEG FOR JULESTEMNING: Gerd Smaadal kosar seg førebels med adventstida, og har trua på at julestemninga kjem med jula.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Eg synest ikkje noko om vêret som har vore. Men når jula kjem skal eg komme i julestemning likevel, seier Gerd Smaadal.

Ho har fleire triks for å få fram den gode julekjensla.

– Når det er mørkt om kveldane kan ein sitje inne med levande lys, og det blir koseleg sjølv om det regnar ute, seier ho.

Arvid Hauge

HÅPAR PÅ SNØ: Arvid hauge satsar på at vêret blir kaldare og meir stabilt til jul.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Også Arvid Hauge har trua på at jula blir god, sjølv om han saknar snøen.

– Nei, eg har ikkje julestemning enno. Men det kjem seg når treet blir tent, seier han.