Snøbruer på fjellet: – Livsfarleg

Alt ligg til rette for ei draumepåske i fjellet, men det kan også vere skjulte farar.

Hornelen

FOTSPOR: Turgåarar på Hornelen har gått over snøen utan å vite om faren som skjuler seg under. Der ligg ei sprekk på 30 meter.

Foto: SVENN PETTER KJERPESET

– I verste fall går du gjennom snøen og kan ramle fleire titals meter ned, seier Svenn Petter Kjerpeset.

Kjerpeset var denne veka på det populære turmålet Hornelen i Bremanger kommune. På toppen av sjøklippa skjuler det seg skumle sprekker som er dekka av snø.

Gode vêrmeldingar og fleire fridagar gjer at mange tek på seg tursko eller ski og legg ut på tur i fjellet denne påska. Då er det fort gjort å bli lurt av terrenget. Kjerpeset meiner fleire har vore i livsfare utan å vite om det.

– I fleire år på rad har eg sett fotspor i snøen frå folk som har gått rett over sprekken på toppen. Det kan vere livsfarleg, seier han.

Det er også mindre snø på breane i år, noko som gjer at bresprekkane kan vere mellom 20 til 30 meter djupe.

– Mindre på vakt

Sjølv om sola skin i påskefjellet bør du ta dine forholdsreglar.

– Naturen kan vere lumsk. Snøbruer kan dekke over sprekker og små skred kan bli utløyste, så ha respekt for naturen, oppmodar regionsjef i NVE, Brigt Samdal.

Brigt Samdal - NVE

LES TERRENGET: Regionsjef i NVE, Brigt Samdal, ber alle i påskefjellet om å lese terrenget.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

NVE ber folk om å nyte den fine påska som er i vente, men åtvarar mot å la fint vêr vere ei kvilepute når det gjeld sikkerheit.

– Det er fort gjort å vere mindre på vakt når det er sol og idyll, men det er like viktig å lese terrenget når vêret er bra, seier regiondirektør i NVE, Brigt Samdal.

Ein annan fare i fjellet er snøskavlar. På tysdag omkom ein erfaren fjellmann i Lyngen etter at ein snøskavl losna.

Har kravd liv

Svenn Petter Kjerpeset delte bilete frå turen sin på Hornelen på Facebook, og åtvara andre turgåarar om den over 30 meter lange sprekken som låg skjult under snøen.

– Eg har fått fleire meldingar frå folk som spør om korleis forholda er på fjellet, men det er viktig å tenke at ein går på eige ansvar i naturen, seier han.

Sprekkane har tidlegare kravd liv. I fjor sommar døydde ei kvinne etter at ho fall 30 meter ned ein sprekk på toppen av fjellet.

Folk må vere varsame, oppmodar Kjerpeset.

Svenn Petter Kjerpeset i minus ti grader og blå himmel.

EIGE ANSVAR: Svenn Petter Kjerpeset går ofte i fjellet.

Foto: Svenn Petter Kjerpeset / Privat