Hopp til innhold

Snø, kuldegrader og sur vind - vinteren kjem tilbake til helga

Gler du deg til fine vårtemperaturar, nysprungne blomar og sol? Gløym det ... Til helga blir det minusgrader og snø heilt i fjøresteinane.

Vinterens første snøfall

GLER DU DEG? Skal du ut og køyre i helga, så bør du ha både isskrape og vinterdekk klar.

Foto: Eikedalen Skisenter

Det er berre å bryne seg, finn gjerne fram att dunjakka og ikkje legg vinterdekka på loftet. I alle fall ikkje om vi skal tru statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid, og det bør vi nok gjere.

– Vinteren kjem tilbake til helga. Vi forventar veldig kald luft frå Arktis ned mot Vestlandet, og vi har betydeleg kaldt vêr i vente. Det ser ut som det kan halde fram nokre dagar også etter laurdag. Folk som ferdast litt i høgda kan nesten vurdere å leggje om til vinterdekk igjen, det tør eg påstå, seier Fagerlid til NRK.

– Men våren då???

– Det ser ikkje ut som vi får vår med det første, for på fredag og laurdag så har vi veldig kald luft i vente. Vi forventar at temperaturane skal synke ned til fleire minusgrader, særleg natt til laurdag. Vi får snø i låglandet på dagtid på laurdag.

Og som om det ikkje var nok. Onsdag kan vi bli lurt til å tru at noko godt er i emning når eit bittelite høgtrykk passerer Vestlandet.

– Men mot kvelden onsdag kjem eit nytt lågtrykk inn og sørger for ein god del nedbør i 24 timar frå onsdag kveld til torsdag kveld. Særleg i nordlege og ytre strok vil det kome godt med nedbør, då snakkar vi kanskje opp i ein 20 millimeter. Det blir veldig vått, særleg på torsdag, fortel Fagerlid, vel vitande om at det er ikkje dette vêret vi drøymer om.

Men kva då med vinden? Jau då, stiv til til dels sterk kuling frå nordvest. Det er den vinden som ein kan merke heilt inn i dalane – og i marg og bein.