Hopp til innhold

Snø på kysten – regn i indre strôk: – Motsett av slik det brukar å vere

Dei neste dagane får vi eit gjensyn med snøen. Og det er kanskje kysten som kjem til å merke det mest, ifølge meteorologane.

Klad luft på kysten, mildt i indre strok

UVANLEG: Kald luft frå nord på kysten, varm luft frå sør i indre delar av landet gir ein uvanleg kombinasjon av snø og regn.

Foto: Meteorologisk institutt

Nedbøren held fram ut over onsdagen og det ligg på grensa mellom regn og snø.

– Vi har sett snøgrensa til 200 til 500 meter, men det kan ligge igjen kald luft enkelte stadar, særleg i indre strok. Det kan kome snø også under 200 meter, seier meteorolog Magni Svanevik.

Utover kvelden kjem det til å auke med vind frå søraust som kan kome opp i stiv kuling på fjellet.

Her kan du lese det fullstendige vêrvarselet.

Spesiell vêrsituasjon

Torsdag vert det ei dreiing i vinden over i nordleg retning. Det vil bli ganske kraftig vind, opp i sterk kuling på kysten.

Meteorologen opplyser om at vi då vil få ein litt uvanleg vêrsituasjon med varmare luft i indre strok og kald vind frå nord ute på kysten.

Laster Twitter-innhold

– Det er litt motsett av slik det brukar å vere. Utover kvelden i morgon kan det kome sludd eller snø på kysten av Vestlandet og regn i indre strok, seier Svanevik.

Lovande helg for skianlegga

– Vinteren er ikkje heilt over endå, fastslår Svanevik.

Det er lovande vêrutsikter for skianlegg som ynskjer å halde ope i helga.

– Prognosane tydar på at det vil komme snø i fjellet i tida framover. Skianlegg som ligg litt oppe i høgda vil få godt med påfyll av snø fram mot helga, fortel meteorologen.

Jølster Skisenter er eit av fleire skianlegg som har vore ramma av mangel på snø dei siste vekene. Dagleg leiar, Even Hole, er optimistisk før FIS-renn og junior-NM i slalåm til helga.

– Vi skal klare å halde ope i øvste del av skitrekket, der vi har kunstsnø.

Even Hole

OPTIMIST: Even Hole ved Jølster Skisenter er glad for at det kjem nysnø før helga og håpar dei kan halde skitrekket ope ei stund.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det ser så mykje finare ut med ein gong det blir kvitt rundt oss, seier han.

Jølster Skisenter har sikra grunnlaget for å arrangere renn ved å produsere kunstsnø på nattetid.

– Det er kjekt at vi får nysnø blanda med kunstsnø. Då er det veldig fint å køyre, seier han.

Hole meiner det er viktig med eit godt underlag og gode vêrforhold for dei som skal kjempe om medaljar.

– Vi tel oppturane i sesongen, avsluttar Hole.