Hopp til innhold

Snø på fjellovergangane

Har du sommardekk på bilen? Då må du halda deg vekke frå fjellovergangane i dag.

Sognefjellet
Foto: webkamera

– Vinterdekk er naudsynt, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen.

– Det er kvitt

– Det er vinter på fjellovergangane. Det har ikkje komme so veldig mykje snø, men det er kvitt, seier Molvær.

På fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol er det snødekke somme stader, og på både Hemsedalsfjellet og over Strynefjeller er det glatte strekningar.

På E16 over Filefjell er det snø nokre stader, og på Rv 13 Vikafjellet er det stort sett snødekke.

Vekke om nokre timar

– Førebels må dei som har sommardekk halda seg vekke frå fjellovergangane, men erfaringsmessig so blir det bart når klokka nærmar seg 12.00.

Fv 13 over Gaularfjellet har sidan onsdag i førre veke vore stengt på grunn av ras. Her blir det opna for trafikk klokka ti måndag føremiddag.